Grønt skifte
Gullbjørnvinnaren til katalanske Carla Simón er ein nydeleg, nyansert film om familie, ferskenar og solceller.
Familien Solé lever av å dyrke fersken i landsbyen Alcarràs i Catalonia.
Foto: Lluis Tudela / Arthaus
Drama
Regi: Carla Simón
Ferskenlunden i Catalonia (Originaltittel: Alcarràs)
Med: Jordi Pujol Dolcet, Anna Otin, Xènia Roset
Kinofilm
Storfamilien Solé har i generasjonar dyrka ferskenar. Jorda fekk dei bruke for å ha redda jordeigarane under borgarkrigen. Munnlege avtalar er diverre lite verde for Pinyol, som no er formell eigar. Det er lite pengar i fersken. Han vil byggje solcellepanel. Alle dei grøne trea må ryke for det grøne skiftet. Omstillinga møter motvilje. Husfar og sjefbonde Quimet er rasande.
Miljøløft
Ingen på rollelista har spelt i film før. Alle er knallgode og totalt truverdige. Filmen har ikkje ei klar hovudrolle. Kamera vekslar på kven det følger. Stundom får vi perspektivet til bestefaren, ein mild observatør. Scener med ungane som leikar livleg med Iris i spissen, sjarmerer meg i senk. Tenåringar og unge vaksne vil at folk skal sjå på dei som skikkelege folk. Bestemor er ein stor forteljar. Mor er anker og problemløysar. I staden for å gjere forteljinga rotete gjer skifta at vi får ei djupare forståing av ulike måtar å sjå situasjonar på.
Omgjevnadene er flott skildra med augneblinkar av ro mellom grøne blad og saftig frukt, men vi får ikkje kvile i denne effektive filmen. Arbeidet på garden er hardt. Sjølv om vi får sterk sympati med bøndene, er aldri filmen eit romantisk bilete av livet med jordbruk. Dette er grovkorna realisme som osar av ekte, samansett liv. Miljøskildringa er meisterleg.
Sjarm og stress
Banda i familien er tette. Dei klyngar seg saman i sofaen eller rundt middagsbordet. Stunder av samhald med song er rørande. Det bognar med humor og herlege detaljar. Dialogane gjev ofte drypp til dei som høyrer på. Born plukkar opp konfliktar av kommentarar som ikkje er mynta på dei.
Generasjonsgnissingar siv ut. Stress og ansvarskjensle kveler Quimet. Det går ut over andre. Han vil berre drive jorda og har ikkje tid til demonstrasjonane til andre fruktbønder for betre prisar. Motstanden hans mot solceller har ikkje røter i debattar om grønt skifte, men i røtene til familien.
Carla Simón står no fram som ein av dei leiande regissørane i spansk film etter den glitrande debuten Sommer 1993 i 2017. Folk flokkar tilbake til kinoar for superheltar og jagarpilotar. Viss ikkje filminteresserte kjem for å sjå godbitar som Ferskenlunden i Catalonia, kjem gravemaskinene snart for å fjerne all uavhengig film.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.