JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Frå tannlegegips til sovepose

Det er vanskeleg å setje ord på kor gledeleg det er å få lov til å bli kjend med eit så spennande kunstnarskap som eg knapt visste noko om.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hege Lønne: «Utstillingsinteriør». Både den lange gipsskulpturen og videoverket «Forest» er frå 2008. Til høgre heng installasjonen «Landskap med sovepose» frå 1995. I framgrunnen skimtar vi måleriet «Himmelrop» av Hannah Ryggen.

Foto: Susann Jamtøy/TKM

8284
20220527
8284
20220527

Hege Lønne – Retrospektiv

Del av Hannah Ryggen-triennalen 2022

Trondheim kunstmuseum, Bispegata

23. mars–14. august
Kurator: Marianne Zamecznik

Det er lenge mellom kvar gong eit museum vågar seg på å løfte fram ukjende kunstnarar med ei så omfattande separatutstilling. Hege Lønne er også ein eigenarta kunstnar som verkeleg fortener større plass på den norske kunstscena.

På toppen av ei kvitmåla hylle ligg ein samanrulla sovepose. Det glatte syntetiske stoffet har ein klår blåfarge, fôret på innsida er oransje. Synet er uventa, det er eigentleg ganske forvirrande å møte ein slik gjenstand her. Turutstyr er slikt som vert gøymt i boda fram til bruk.

Til venstre for verket heng ei likeins hylle. På toppen av den er det plassert ei låg form i lyst og glattpolert metall. Den boga overflata minner om eit landskap i miniatyr. Det er sannsynleg at soveposen og gipsfiguren skal sjåast som eitt. Då kan det jo handle om måten vi tilnærmar oss naturen på. Det er noko kroppsleg over posen, han skal omhylle oss, som eit ekstra, industrielt framstilt hudlag som er vorte heilt naudsynt for den som skal greie ei natt i det fri. Når eg står framfor dette verket, føler eg meg underleg nok framandgjord for naturen.

Det er i det heile slett ikkje enkelt å forstå kva kunstnaren vil fram til med verka sine, samstundes som dei grip meg sterkt. Såleis vert eg pressa til å sanse meir enn å tenke. Det kjennest overraskande frigjerande.

Verka er så framandarta at det krev tid før eg klarar å trenge inn i dei. Når ein går frå objekt til objekt, oppdagar ein fleire underlege, skulpturelle former. Nokre minner om finnen på ein kval, dei er måla blå. Andre er forma som lubne skyer, og er forsynte med bein, eller så stikk glatte stolpar opp frå kuperte underlag.

Sterkast inntrykk gjer dei svære landskapskroppane, så sanseleg skulpturerte og plasserte på smale soklar. Kunstnaren har laga eit hòl gjennom det eine verket, såleis at ein kan sjå tvers igjennom den langstrekte forma. Desse skulpturane er laga av tannlegegips, som er særleg hard, og god å skjere i. Lønne støyper verka sine i fleire omgangar, slik at ho får fram ein vakker, marmoraktig utsjånad. Berre overflatene til objekta er vel verde turen for å sjå utstillinga.

Noreg og Polen

Hege Lønne (1961–2018) studerte ved Kunstakademiet i Trondheim og Kunstakademiet i Warszawa. Ho knytte tette band til den polske kunstscena. Denne retrospektive utstillinga er også organisert i samarbeid med Zacheta – National Gallery of Art i Warszawa.

Måten det austeuropeiske og norske smeltar saman på, gjer kunsten hennar særleg spennande. Verka hennar er leikne, underfundige og overraskande. Og til tider uforståelege, men på ein god måte. Verka hennar kler kvarandre, dei dannar ein indre logikk og støttar seg mot kvarandre. Det er ei særs mangfelt utstilling som breier seg utover alle romma i andre etasje av Trondheim Kunstmuseum. I tillegg til gipsinstallasjonar er her fleire videoverk, relieff i metall, animasjonsfilm, teppevev, fotokunst og ein kinetisk skulptur.

Innsidene

Tre av gipsfigurane viser innsida av rom som ho har stilt ut i, alle utførte i skalaen 1:20. Her er Galeria Biala i Lublin (2013), Galleri Foksal i Warszawa (2016) og Boiler room i Oslo (2014). Romma er så presist utforma at dei minner om avstøypingar.

Lønne har tatt nøyaktige mål av kvar ein detalj av dei tre romma og laga former som ho heller gips i før ho til slutt grev ut ekstra detaljar. Dei er så glatte og lekre at ein får lyst til å ete dei.

Saman med det sanselege trekket vert dei ein elegant kommentar til prosessen med å stille ut. Kor ofte legg ein eigentleg merke til sjølve arealet eit verk vert stilt ut i? Utforminga av sjølve rommet spelar ei større rolle for måten ein opplever eit verk på, enn ein gjerne trur. Det er fascinerande å sjå innsida av rommet som ei utside. Dette vert paradoksalt nok å skildre eit tomrom med ein fast masse.

Vengespenn

Dei utstilte fotografia frå åttitalet viser at kunstnaren også er ein dyktig fotograf. Her er eit rikt spenn i gråtonar, komposisjonane sit godt. Særleg inntrykk gjer serien på tre foto i svart-kvitt «utan tittel» frå 1984. Kvart av bilda er nærbilde av hovudet til ei kvinne liggande med nasen mot golvet. Det mørke, glatte håret er dandert på ulike måtar, som fuglevenger, ein vilter grastust, bølgjer i vatnet.

Verka er forførande enkle. Motiva er absurde, men samstundes dragande å sjå på. Kan hende er det eit forsøk på å verte eitt med naturen? Slikt sunt og utamt hår er eigentleg eit sjeldan syn. Som regel vert det meste av hovudpryd stussa og halde pent på plass med hårband og spray.

Plastilin

I dei fleste utstillingsromma er det plassert små skjermar som viser animasjonsfilmar med enkle figurar i modellervoks. Dei søte, underfundige forteljingane er korte, kvar har ei lengd på 1–2 minutt. Videoen «Physical Activity Keeps the Brain Alive» frå 2003 viser tre personar gjennomføre eit treningsprogram heilt synkront. På ein humoristisk måte hintar filmen til at treninga heller verkar streng og diktatorisk enn helsesam for kropp og sjel.

I «Ranunklus Acris», 2002, det latinske namnet på smørblomst, tek ei naken og yppig dame seg eit bad. Ein gyllengul blomst vert lagd mot haka hennar mens ei mørk mannsstemme spør: Likar du smør? Dette er vel ein leik som går att verda over. Filmen lokkar fram varme og sommarlege barndomsminne.

Samstundes er det mykje som skurrar her, det er alltid eit ekstra lag i verka til Lønne. For her er det ikkje to barn som leikar seg. Det kviler snarare ein erotisk undertone over filmen. Om tonen er leiken og positiv, eller om det heile vert påtrengande og klamt for kvinna, er faktisk ikkje så godt å seie. Når animasjonen i tillegg vert akkompagnert av ein munter polsk song, kanskje barnesong, vert han enda vanskelegare å kategorisere.

Om du søker etter «Hege Loenne» på Vimeo.com, får du sjå mange animasjonsfilmar. Får du meirsmak, er det bygd opp eit rikhaldig og oversikteleg arkiv over kunsten hennar på nettsida www.hegeloenne.info.

Manglande dialog

Det er ei praktfullt kuratert utstilling vi har føre oss, vel planlagd med vakkert utforma soklar der kvart verk kjem godt til sin rett. Mitt einaste ankepunkt er at ho er laga som del av Hannah Ryggen Triennalen 2022. Dette er ei storstilt utstilling som Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum har utvikla på basis av den omfattande samlinga deira med bildeteppe av Hannah Ryggen (1894–1970).

Med åra har Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum utvikla eit spennande konsept der nasjonal og internasjonal samtidskunst vert sett i dialog med verka til Ryggen. I år er første gong triennalen er spreidd på fleire utstillingsstader som høyrer til Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Kunsthall Trondheim, Trondheim kunstmuseum, K-U-K og Ørland/Bjugn Kunstforening.

Verket av Hannah Ryggen som skal stå i dialog med Hege Lønne, er det vesle måleriet «Himmelrop» frå 1941. Verket er nyleg kjøpt inn av museet og vert vist fram for første gong.

Måleriet er skisseaktig, utforma med raske penselstrøk på ei treplate i avlangt format. Midt i bildet sit to personar ved radioen. Med tanke på årstalet, er det opplagt at ho har meint å skildre ei forboden handling. På venstre side er referansar til det afrikanske kontinentet – Hannah Ryggen følgde med på den politiske utviklinga der. Til høgre er ein iglo med ein inuitt. Også dei lyttar til radioen, og alle dei tre hustaka har grå antenner.

Kan hende Hannah Ryggen viser korleis radioen kan binde saman folk i ei verd som er splitta av krig? Med tanke på krigar i dag, ikkje minst dei russiske forsøka på å kneble informasjonsflyten, viser verket kor evig aktuell Ryggen er.

Eg klarer likevel ikkje å sjå nokon koplingar mellom «Himmelrop» og arbeida til Lønne. I motsetning til dei andre utstillingane i triennalen fungerer ikkje dialogen med Hannah Ryggen her. Verka til Hege Lønne har så kraftig stemme at dei truleg ville overdøyve det meste av kunstverk som hadde forvilla seg inn hit. Kvifor denne utstillinga i det heile skal vere del av triennalen, forstår eg ikkje heilt. Den retrospektive utstillinga står solid på eigne bein.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis