JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Førsteklasses gjendikting

Tragedien er noko av det vanskelegaste ein kan gjendikte, men Robert Emil Berge får det til.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5001
20230113
5001
20230113

Sakprosa

Evripides:

Helena

Gjendikta frå gamalgresk av Robert Emil Berge
I serien Kanon: antikkens litteratur på norsk, Gyldendal 2022

Av dei tre store greske tragikarane er Euripides (ca. 485–406 f.Kr.) den som er mest spelt i dag, og slik var det også i oldtida. Det var hans stykke som fanst i flest eksemplar, og difor er det også fleire av dei som har overlevd: Vi har seks tragediar av Aiskhylos, sju av Sofokles, to av ukjend forfattar og heile sytten av Euripides.

I tillegg er Euripides forfattar av det einaste komplette satyrspelet vi har. Dette var ein lettare sjanger som vart nytta til å avrunde ein dag i teateret. Det vanlege programmet i teateret i Athen var tre tragediar på rad etterfølgde av eit satyrspel, alt av same forfattar.

Musikkteater

Desse forfattarane var også komponistar og koreografar, for den greske tragedien var musikkteater, der dialog mellom to eller tre skodespelarar veksla med eit kor som song og dansa, og nokre gonger også med ariar som vart sungne av skodespelarane sjølve. Dei tekstane vi les i dag, er difor strengt tatt berre librettoar.

Då operaen vart oppfunnen i Italia kring år 1600, var det nettopp som ei etterlikning av gresk tragedie, men opera er fyrst og fremst musikk, og der finst knapt ein einaste operalibretto som vert lesen for sin eigen del, uavhengig av musikken. Gresk teater, derimot, er tekstorientert, tekstane står fint på eigne bein og har vore lesne på ny av kvar generasjon i over to tusen år.

Mange har sagt mykje klokt om kva det tragiske eigentleg er, men det er verdt å merke seg at desse tekstane ikkje alltid er tragediar i vår tyding av ordet. Nokre har faktisk ein lukkeleg slutt, og Helena er ein av desse. Jamvel er dei tragediar, for dei vart framførte i dei store tragedietevlingane i Athen. Helena vart framført i 412 f.Kr.

Bortføringa av Helena (utsnitt), måleri i National Gallery i London, tillagd Zanobi Strozzi (1412–68).

Foto via Wikimedia

Happy ending

Historia er kort fortalt: Etter ti års krig har grekarane erobra Troja, og kong Menelaos er på veg heim til Sparta med kona si, den skjønne Helena. Det er i allfall det han trur, men i røynda har Helena aldri vore i Troja, og ho han har med seg, er ei etterlikning gudane har laga. Den verkelege Helena har heile tida vore i Egypt, der vi møter ho i opningsscena, fortvila fordi den nye kongen i landet krev at ho skal gifte seg med han.

Samstundes strandar Menelaos i Egypt etter eit skipbrot. Dei to møter kvarandre og kjenner kvarandre att, og med hjelp av ei egyptisk prinsesse klarar dei å narre kongen og kome seg trygt heim til Sparta.

Det er ei handling som gjev rom for mange doble botnar og mykje dramatisk ironi. Når Menelaos kjenner att Helena, nektar han bokstaveleg tala å tru sine eigne auge, for han veit jo at Helena er ein annan stad. Og dessutan: Om Helena ikkje var i Troja, var jo heile krigen forgjeves! Først når ein annan fortel han at den falske Helena er blitt borte i lause lufta, trur han på det Helena seier og han sjølv kan sjå.

Nettopp dette er det sentrale temaet i stykket: Kva kan vi stole på? Kva kan vi vite om verda? Kva er det vi ser, og kva er det som eigentleg er til? Dette var viktige tema i gresk filosofi på Euripides’ tid, og mytane om Helena var veleigna til å dramatisere dette, for dei fanst i fleire, motstridande versjonar.

Helena-karakteren er sjølv eit barn av tida: I stykkets første setning fortel ho at ho er ved Nilen, men, spør ho seg, kjem Nilen frå himmelsk regn eller frå smelta snø? Slik held ho fram: Ho fortel kvar ho kjem frå og kven foreldra var, og legg til «hvis nå den er korrekt, denne fortellingen».

Sofistisk

Helena er altså noko av ein sofist, dette greske ordet som kan tyde både ein vis og ein luring. Slik er ho også i Euripides’ Kvinnene fra Troja, som vart framført tre år før Helena. Der er ho like skamlaus som ho her er uskuldig, og det syner seg nettopp i korleis ho argumenterer.

Gresk tragedie er på sitt vis ei særs rasjonell kunstform, grekarane vil forstå kva som skjer, og dei nyttar språket til å utforske verda. Samstundes har dei eit skarpt blikk for korleis språket syner karakteren, det ser vi alt hos Homer: Han er ein meister i karakterskildring, og det er i replikkane han lèt karakterane syne seg.

Berge har tidlegare attdikta Aristofanes’ komedie Froskane og Euripides’ tragedie Hekabe, og i vurderinga av arbeidet kan eg i grunnen berre gjentaka meg sjølv: Tragedien er noko av det vanskelegaste ein kan attdikte til norsk, men Berge får det til. Språket er klårt og med god flyt, og det filologiske grunnarbeidet er solid, noko som òg syner seg i ei velskriven og informativ innleiing.

Arbeidet med å omsetje gresk tragedie til norsk har stort sett stått stille sidan Eirik Vandvik døydde i 1953. Det er difor ei storhending at Berge har teke det opp att, og eg vonar han får høve til å halde fram. For Kulturdepartementet burde saka vere enkel: Gi mannen eit statsstipend.

Gjert Vestrheim

Gjert Vestrheim er professor i gresk ved Universitetet i Bergen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis