JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Forfalskaren Magritte

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tizian: «Kvinne med speil», 1515, i Louvre.

2550
20221216
2550
20221216

Den belgiske kunstnaren René Magritte (1898–1967) er verdskjend for dei surrealistiske måleria sine, som den realistiske skildringa av ei pipe, der tittelen «Dette er ikkje ei pipe» skal minne oss om kor forførande illusjonar kan vere.

Magritte er ein kunstnar som ofte vert forfalska, men det mange ikkje veit, er at han slett ikkje var uerfaren i den bransjen sjølv. Under andre verdskrig, i perioden då tyskarane okkuperte Belgia, forfalska han ei rad måleri som han selde saman med bror sin. Visstnok dreiv dei denne lyssky verksemda for å få mat på bordet.

Magritte kopierte meisterverk av kunstnarar som Giorgio de Chirico (1888–1978) og Pablo Picasso (1881–1973), endåtil den italienske renessansemålaren Tizian (ca. 1485–1576) drista han seg til å etterlikne. Ein kan undre seg over kvar dei vart av, alle desse forbodne arbeida. På nettet er det så godt som uråd å finne foto av falskneria han laga.

Eitt av verka eg har lukkast med å finne, er ein kopi av «Kvinne med speil» (1515). Originalen er laga av Tizian og heng i Louvre. Det finst variantar av dette motivet som truleg er utførte av elevane til renessansekunstnaren. Det kan vere ei av årsakene til at Magritte valde dette motivet.

Magritte: Forfalsking av «Kvinne med speil».

Tizian har bygd opp ein komplisert komposisjon, mannen lener seg framover medan han held ein handspegel framfor kvinna og justerer vinkelen på den store spegelen bak henne, såleis at ho får kontrollert frisyren frå alle vinklar. Samstundes som dette er eit tett, intimt nærbilde, gir refleksjonen frå spegelen.

Vi skjønar at kvinna er i ferd med å kle seg. Utslått hår høyrde til heimesfæren. Dette er eit sanseleg måleri, kvinna beundrar seg sjølv, kjenner på håret, ho held endåtil ei parfymeflaske i den venstre handa – og fører såleis inn luktesansen.

Magritte har laga ein fin kopi, sjølv om eg er litt usikker på om han ville lurt ein kunstkjennar med akkurat dette bildet. Dersom vi samanliknar dei to måleria, ser vi at belgiaren ikkje har lukkast med å etterlikne den overdådige stofflege kvaliteten som Tizian er så kjend for. Magritte har også gitt den unge kvinna ei meir moderne utføring – her kjenner vi faktisk att noko av den stilen Magritte kom til å verte så kjend for.

Samstundes ser vi at versjonen til Magritte er meir lettkledd. Kjolen har han tjuvlånt frå «Flora», som Tizian måla etter same modell. Det er ein fin idé å kople desse to motiva, då «Flora» (1515) skildrar den romerske gudinna for blomstring. Krafta hennar gjaldt ikkje berre naturen, men også ungdommeleg venleik og glede.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis