Kunst landet rundt
«Tilstand 3», 2017/2019 © Brit Dyrnes / BONO.
Foto: Erik Børseth
Brit Dyrnes: Lyden av leire
Kube, Ålesund
18. november 2022–9. april 2023
Brit Dyrnes (f. 1955) er kjend for ei eksperimentell tilnærming til keramikken. Lyden av leire er den største utstillinga som har vore laga med kunstnaren, og viser arbeid laga dei siste sju åra.
Menneskets natur
Telemark Kunstmuseum, Notodden
26. november 2022–16. april 2023
Gruppeutstilling med skandinaviske samtidskunstnarar. I tillegg vert verk frå samlinga viste, mellom andre «To fjellvandrere foran Rjukanfossen» (1847) av Gustav Adolph Mordt. Arbeida handlar om menneska og naturen, inngrepa så vel som vår fascinasjon for han, og mennesket som ein liten del av eit stort økosystem.
Brynhild Grødeland Winther: Kunne ikkje forstå deg flytande…
Hå gamle prestegard, Nærbø
12. november 2022–15. januar 2023
Winther viser myldrande og fabulerande teikningar i ein heilt eigen og djupt fascinerande stil. Verka er knytte opp mot eige liv og erfaringar. Gjennom kunsten stiller Winther spørsmål ved måtane vi forstår verda på, og kva konsekvensar dei kan få. På Hå gamle prestegard er også utstillingar av Per Odd Aarrestad (teikning) og Marisa Ferreira (skulptur/objekt), som er vel verde å få med seg.
«Blomsterhuset», 1985.
Foto: K.U.K.
Arne Ekeland
K.U.K. Trondheim
18. november 2022–26. februar 2023
Arne Ekeland (1908–1994) markerte seg som ein av dei fremste politiske kunstnarane i landet, med tema som klassekamp, teknologi og menneske, humanisme og krigsmotstand. Her får vi sjå 30 måleri og 40 teikningar skapte over eit tidsspenn på nærare 60 år. Fleire er ikkje tidlegare viste på utstilling. I same periode stiller tre yngre kunstnarar ut: Håvard Homstvedt, Erin Murphy og Ingvild Eiring.
«Kanin Nos», 2019–20.
Foto: Evgenia Arbugaeva
Evgenia Arbugaeva: Hyperborea – Historier fra Arktis
Perspektivet Museum, Tromsø
24. september 2022–26. mars 2023
I 2013 vart den russiske fotografen Evgenia Arbugaeva (f. 1985) med ein isbrytar som frakta forsyningar til fjerne stadar i nord. Dette var det første av fleire besøk. Ho skildrar arktiske samfunn i som er i dramatisk endring på grunn av politikk og klima. Trass i dette formidlar fotografia ei kjensle av ro og tidløyse.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.