JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Makelaust i tresnitt

Å sjå grafikk med så høg handverkskvalitet er sjeldan vare.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Annette og Caroline Kierulf stiller ut til saman 80 tresnitt.

Dag Fosse / Kode

7574
20221216
7574
20221216

Utstilling

Annette og Caroline Kierulf:

Å skape en verden

Kurator: Jorunn Veiteberg i samarbeid med kunstnarane
Kode 2, Bergen
7. oktober 2022–22. januar 2023

Systrene Annette?Kierulf (f. 1964)?og Caroline Kierulf?(f. 1968) har stilt ut saman i heile 28 år. No har dei fått andre etasje av Kode 2 å boltre seg i. Her kan publikum fråtse i 800 kvadratmeter fylt med tresnitt i digre format, til å stupe inn i.

Utstillinga Å skape en verden er særs vakkert montert, lettveggar deler den digre salen i passelege porsjonar. Veggane er bygde såleis at dei svever lett over bakken – noko som gir ein nydeleg effekt. Med det same vi stig inn i utstillinga, vert vi litt i stuss. Korleis skal klare å skilje verka til dei to kunstnarane frå kvarandre? Begge viser tresnitt i eit stilisert og realistisk formspråk, dei fleste arbeida er endåtil i same storleik. Forvirringa varer likevel ikkje lenge, så fort vi kjem i gang med å sjå på bilda, ser vi fort kven som er kven. Dei var slett ikkje så like som det først såg ut til.

Caroline Kierulf?

I delikate sjokoladetonar har Caroline Kierulf?forma ein Kvikk-Lunsj etter ein reklameannonse frå 1950-talet. Under har kunstnaren sirleg rissa inn eit tradisjonelt broderimønster, alt akkompagnert med dei urovekkande orda «Lite pen og ensom», vakkert forma i kursiv.

Verket er karakteristisk for Caroline Kierulf. I ei årrekke har kunstnaren henta inspirasjon frå tekstar og bilde i vekemagasinet Alle Kvinners Blad frå åra 1939 til 1956. Dette var ei brytningstid i Noreg, då elektroniske hjelpemiddel i aukande grad letta husarbeidet, samstundes som kvinnene stega inn i yrkeslivet. Mellom annonsar for støvsugarar og steikeomnar står artiklar med råd om korleis kvinnene skal takle dobbeltarbeidet med familie og jobb. Som ein raud tråd gjennom magasina då som no, er spørsmålet om korleis ein kan halde seg slank og vakker gjennom ein krevjande kvardag, sentralt.

Det er mot dette bakteppet vi må forstå verket «Lite pen og ensom». Teksten er henta frå lesarbrevspaltene, eit smertefullt hjartesukk. For magasina legg til grunn at den som er utan venleik, vil ha vanskar med å få fatt i dei goda det vert lokka med. Kan hende antydar Caroline at den lite vene kvinna får nøye seg med å fordrive tida med handarbeid, og den bittersøte trøysta i å få heile tursjokoladen for seg sjølv? Verka hennar er underfundige så vel som poetiske, som små dikt der bilde og ord vert fletta saman i ein heilskap.

Caroline Kierulf, «Globoid», 2023.

Caroline Kierulf, «Globoid», 2023.

Globoid

Ved å løfte fram problemstillingar frå femtitalet får for Caroline oss til å reflektere over korleis vi tenker kring desse temaa i dag. Har mentaliteten vår eigentleg endra seg noko særleg? Reklame for sminke og mote fyller framleis mykje plass, med digitale plattformer smyg slik informasjon seg inn gjennom alle krikar og krokar, inn i det umedvitne, til vi trur det er våre eigne tankar vi høyrer. Kan hende arbeida hennar kan verte små vekkarar, som riv oss ut av vande tankebaner og gir oss større perspektiv på det nære og personlege i tilværet.

Redsla for å falle utanfor er ikkje blitt mindre med åra. I verket «Globoid» (2022) er den velkjende medisinboksen plassert inn i eit rutemønster med broderi som fremjar eit feminint tilsnitt. Globoid var ein av dei første tablettane, før hadde folk berre to medisinar å hjelpe seg og familien med, kamferdropar og Globoid. På grunn av uheldige biverknader vart tabletten forboden i 2014. I dag er misbruk av smertestillande eit endå større problem, mange unge kvinner et så mykje Paracet at det er fare for forgifting. Mange jenter slit med kjensla av å ikkje vere bra nok, eit ubehag som set seg i kroppen. Paracet døyver plagene, men gjer lite med årsakene.

Pop og puslespel

Uttrykksforma og bodskapen til Caroline Kierulf kler godt tresnittet som teknikk. Tresnittet var den første reproduksjonsforma i mellomalderen og tidleg moderne tid, nytta til å spreie nyhende så vel som sladder og propaganda. Vi ser samstundes at Kierulf skjeglar mot popkunst, ei kunstretning som dominerte kunstscena nettopp i 40- og 50-åra. Som namnet tilseier, henta kunstretninga inspirasjon frå populærkulturen og braut såleis ned barrierane mellom høgverdig kunst, massemedium og kitsch. Medan Caroline vel tresnittet, omfamna popkunsten den grafiske teknikken silketrykk, som til då var brukt til kommersielle formål.

Medan silketrykket får eit glatt uttrykk med klare linjer og jamne flater i sterke fargar, har tresnittet ein røffare karakter. Papiret er metta av feit trykksverte og vert gjerne meir ujamt fordelt enn i eit silketrykk. Innimellom anar du spor frå finerplatene, teksturen frå veden. Dette gir eit levande fargespel i trykket. Linjene er skorne ut med ulike jarn, motstanden i treverket dannar desse friske, hakkete linjene som karakteriserer teknikken.

Begge systrene Kierulf arbeider med den såkalla puslespelmetoden, som Edvard Munch var så kjend for. Motivet i den ferdig utskorne trykkplata vert saga i mindre bitar. Deretter valsar kunstnaren inn kvar del med forskjellige fargar, før motivet vert pusla saman att. Såleis får kunstnarane trykt motivet med mange fargar på ein gong. Slik vert framgangsmåten ein viktig del av det visuelle uttrykket.

Annette Kierulf, «Vinterdvale», tresnitt, 120 x 90 cm, 2019.

Foto: Thor Brødreskift

Annette Kierulf

Medan Caroline undersøker 50-talet, arbeider Annette Kierulf med motiv frå staden ho bur på. Med base på øya Radøy, fem kilometer nord for Bergen, skildrar ho utsikta frå vindauga med fjord og fjell i bakgrunnen, lubne ryper i måneskin, eller landskap reinska for sitkagran så berre stubbane står att. Det er gjerne noko fabulerande og leikent over bilda hennar. Fargane kan godt vere overraskande. I verket «Pink Pines» (2022) duvar eit bladverk på blodraude greiner. Blada er lette som skyer og løftar seg opp mot ein kvit himmel. Dei friske raudtonane står fint til ein matt, lyseblå fjord og dei brune fjella i horisonten.

Verka hennar spenner frå det søte og humoristiske til det draumaktige og kraftfulle, nærast mystiske. Verka er prega av ein intim kjennskap og kjærleik til staden og naturen. Det er sjeldan realistiske attgjevingar av landskap, meir eit psykologisk landskap som er farga av tankar og kjensler kunstnaren har hatt alle gongane ho har vore på dei ulike stadane. Innimellom har ho rissa inn tekstfragment av bøker ho har grunda over medan ho arbeider. Såleis vert naturen som eit privat bibliotek der sanseopplevinga smeltar saman med minne og tankeprosessar. Annette formidlar dette sterkt subjektive gjennom lyriske, rytmisk oppbygde komposisjonar.

Hyttene

Andre av arbeida til Annette er enklare i uttrykket, med større vekt på ideen. «The Hut» (2012) minner om ein illustrasjon til ei barnebok. I ein nærast naivistisk stil er ni hytter streka opp. Dette er hyttene som kjende tenkarar reiste til for å få vere i fred. To av dei er frå Vestlandet, huset til den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein er plassert på ei hylle rundt 50 meter over Eidsvatnet i Skjolden, medan Kurt Schwitters heldt til på Hjertøya utanfor Molde. Verket er ei påminning om at mange treng ro kring seg for å skape, til liks med Annette sjølv.

Raffinert teknikk

Eg har følgt med på desse kunstnarane i ei årrekke, og det er rett og slett frydefullt å sjå så mange arbeid av dei på ein gong. Eg er glad for at Kode har gitt meg høve til dette. Dette er ei utstilling som kan oppfattast som smal, men som eg oppmodar så mange som råd til å sjå. Det er sjeldan å sjå grafikarar med slik høg handverkskvalitet. Gir ein verka tid, vil dei opne seg opp. Her ligg alt i dei subtile, små nyansane.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

USA var landet der den globale auken i fedme tok til for alvor. Nord-Amerika utgjer i dag halve marknaden for vektreduksjonsmidla til Novo Nordisk.

Foto: Mark Lennihan / AP / NTB

HelseSamfunn

Store pengar i tomme magar

Verda er villig til å betale mange milliardar for å misse matlysta.

Per Anders Todal

Tyskland og Frankrike leiar saman luftvernkoalisjonen for å støtte Ukraina. Men Tysklands forsvarsminister Boris Pistorius (t.v) har ikkje fått med seg Frankrike på sitt initiativ for å investere i felles europeisk luftvern til eige territorium. Biletet syner Pistorius og Ukrainas president Volodymyr Zelensky i Tyskland, der ukrainske soldatar vert trente i å bruke det amerikanske langtrekkande luftvernsystemet Patriot.

Foto: Jens Buttner / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Den innvortes forsvarskampen

Arbeidet med eit felles luftvernsystem over Europa
vert avgrensa av nasjonale industrielle omsyn.

Kong Harald tok i audiens imot Eirik Kristoffersen på Slottet for å tildela han Krigskorset  i 2011.

Foto: Lise Åserud / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Baksida av medaljen

Forsvaret og forsvarssjefen har måla seg inn i eit hjørne. Dei nekta for at dei visste at feil mann blei tatt. Så påstår dei at mannen dei tok, uansett må ha vore ein Taliban-leiar.

Når Billy (Vic Carmen Sonne) og Nilo (Silvana Imam) møtest, blir det kjærleik ved første blikk.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Eksplosjonar i hovudet

Ein har ikkje vondt av å utfordra tankemønstera sine, særleg ikkje når det er underhaldande i tillegg.

Vivienne (Vicky Krieps) innleier eit forhold til danske Holger (Viggo Mortensen) i det vestlege USA i 1860-åra.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Vicky + Viggo

Vicky Krieps slår Viggo Mortensen i den romantiske westernen hans.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis