Flust av fiolinar
Reinhard Goebel er god på detaljar,
men tempovala er stundom absurde.
Berliner Barock Solisten er sett saman av musikarar frå Berliner Philharmoniker.
Foto: Irène Zandel
CD
Durante,
Leo, Vivaldi, Locatelli, Sammartini:
La Cremona
Berliner Barock Solisten; dir.: Reinhard Goebel.
Hänssler Classic 2023
Reinhard Goebel innrømmer gjerne sjølv at han er fanatikar. Som tjueåring grunnla han i 1973 Musica Antiqua Köln, eit tidlegmusikkensemble som sette nye standardar for korleis barokkmusikk kunne framførast. Den gongen var det berre «historisk korrekt» framføringsmåte som galt for han, med strykeinstrument med tarmstrenger, trakterte med spretten barokkboge.
Sjukdom førte til at han kring tusenårsskiftet måtte oppløysa ensemblet sitt. Ei kuvending i tilnærminga hans til barokkmusikken fylgde. Med same fanatiske energi som han tidlegare hadde forfekta bruken av historiske instrument, tok han no avstand frå dei og gjekk over til moderne orkesterinstrument. Devisa var denne: «Det er ikkje instrumenta, men musikarane som lagar musikken.»
Grundig instruert
På Goebels nyaste album, La Cremona. Concerti per 3 & 4 violini, dirigerer han Berliner Barock Solisten i italiensk 1700-talsmusikk. Dette ensemblet blei stifta i 1995 av musikarar frå Berliner Philharmoniker. Musikarane var barokkinteresserte, men ynskte ikkje å ta steget heilt ut og spela på barokke instrument. Høyrer ein så skilnaden? Altså at instrumenta på plata er moderne og ikkje «historisk korrekte» i høve til 1700-talsmusikken?
Eg høyrer det ikkje. Berre strykeinstrument er med (bortsett frå cembalo), og strykarane har openbert fått så grundig instruksjon i historisk framføringspraksis at det kling dønn barokt i mine øyro. Devisa som blei nemnd over, har altså noko føre seg.
Nøye innstudert
Repertoaret på plata er heilt etter fiolinfanatikaren Goebels hjarte. Konsertane er nemleg for tre eller fire solofiolinar, noko som er sjeldan. (Solokonsertar eller dobbeltkonsertar er det vanlege.) Også komponistane på plata blir sjeldan spelte, bortsett frå venetianaren Antonio Vivaldi (1678–1741), som er representert med to verk.
Det fyrste av dei, trippelkonserten i F-dur, har friskt framførte yttersatsar. «Andante»-satsen i midten, derimot – den som bør vogga roleg og bedageleg som ein gondol på Canal Grande – blir spelt altfor raskt. Goebel har alltid vore ukonvensjonell i val av tempo, men på sine eldre dagar driv han det stundom in absurdum.
Best likar eg framføringa av snøgge satsar i «streng form», altså komposisjonar med fugar eller fugeaktig struktur. Detaljert forming av frasane og omhyggeleg innstuderte artikulasjonsmønster er Goebels varemerke. Fyrstesatsen i Francesco Durantes (1684–1755) g-mollkonsert og andresatsen i Leonardo Leos (1694–1744) D-durkonsert – lyttar du til desse, høyrer du Goebel på sitt beste.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Irene Nordli: «Vessel nr 21» (2021)
Alle foto: Mona Louise Dysvik Mørk
Ei haustutstilling med preg av sjekkliste
Då Amanda kjem tilbake til skulen om hausten, blir ho fadder for den nye guten i klassa, Lars, som har Downs syndrom.
Foto: Nordisk Film Production
Koseleg mobbefilm