Tommy Wirkola hoppar ut i dystopien – og landar ustødig.
Naomi Rapace spelar alle dei sju søstrene.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Action
Regi: Tommy Wirkola
What Happened To Monday
Med: Noomi Rapace, Glenn Close, Willem Defoe
I år 2073 har menneska utarma ressursane i så stor grad at styresmaktene innfører ein nådelaus eittbarnspolitikk. Alle søsken blir tatt hand om på ein «human» måte – og frosne ned til verda igjen er berekraftig. Dette er premissen for What Happened to Monday, Tommy Wirkolas nye film om sju identiske søstrer som veks opp i det skjulte. Dei ber alle namnet etter ein vekedag: Monday, Tuesday, Wednesday og så vidare, men ute i den verkelege verda er dei altså same person: Karen Settman (Rapace). Det heile går strålande, til Monday éin kveld ikkje kjem heim. Tuesday får i oppgåve å undersøke kva som kan ha skjedd, og med det er alle i fare.
Tommy Wirkola gjorde Hollywood-suksess med Hansel & Gretel: Witch Hunters (2013). Filmen dyrka dei elementa som Wirkola har vorte kjend for sidan debuten Kill Buljo (2007): blod, gørr og heftige actionsekvensar – element som i høgste grad er til stades i den nye filmen òg.
Dessverre jobbar Wirkola også denne gongen med eit manus som er for svakt, trass i den interessante premissen. Heller enn ei tankevekkande utforsking av eit dystopisk samfunn, blir forteljinga meir eit påskot for å vise Rapace i ulike actionfylte omgjevnader. Ho teiknar i tillegg for karikerte typar. Denne meldaren tar seg i å sjå på klokka: To timar med vald, blod og flate karakterportrett gir lite næring til hovudet.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er kulturjournalist
og sosiologistudent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Action
Regi: Tommy Wirkola
What Happened To Monday
Med: Noomi Rapace, Glenn Close, Willem Defoe
I år 2073 har menneska utarma ressursane i så stor grad at styresmaktene innfører ein nådelaus eittbarnspolitikk. Alle søsken blir tatt hand om på ein «human» måte – og frosne ned til verda igjen er berekraftig. Dette er premissen for What Happened to Monday, Tommy Wirkolas nye film om sju identiske søstrer som veks opp i det skjulte. Dei ber alle namnet etter ein vekedag: Monday, Tuesday, Wednesday og så vidare, men ute i den verkelege verda er dei altså same person: Karen Settman (Rapace). Det heile går strålande, til Monday éin kveld ikkje kjem heim. Tuesday får i oppgåve å undersøke kva som kan ha skjedd, og med det er alle i fare.
Tommy Wirkola gjorde Hollywood-suksess med Hansel & Gretel: Witch Hunters (2013). Filmen dyrka dei elementa som Wirkola har vorte kjend for sidan debuten Kill Buljo (2007): blod, gørr og heftige actionsekvensar – element som i høgste grad er til stades i den nye filmen òg.
Dessverre jobbar Wirkola også denne gongen med eit manus som er for svakt, trass i den interessante premissen. Heller enn ei tankevekkande utforsking av eit dystopisk samfunn, blir forteljinga meir eit påskot for å vise Rapace i ulike actionfylte omgjevnader. Ho teiknar i tillegg for karikerte typar. Denne meldaren tar seg i å sjå på klokka: To timar med vald, blod og flate karakterportrett gir lite næring til hovudet.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er kulturjournalist
og sosiologistudent.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.