Portrettet av Al Gore er det sterkaste med En ubehagelig oppfølger.
Al Gore saman med den tidlegare ordføraren i byen Tacloban på Filippinane.
Foto: Jensen Walker
Dokumentar
Regi: Bonni Cohen, Jon Shenk
An Inconvenient Sequel: Truth to Power
Med: Al Gore
Det er ti år sidan Al Gore viste oss En ubehagelig sannhet. Dokumentarfilmen frå 2006 portretterte USAs tidlegare visepresident i kampen for å opplyse om dei menneskeskapte klimaendringane. Ti år etter kjempar same mannen same kampen i En ubehagelig oppfølger. Tida har tæra på Gore, no 69 år, noko han spøker med sjølv; håret er grått, og ei dame seier rett ut at han berre liknar på Al Gore.
Tida har òg vist at han (og forskarane) hadde rett i mange av dei dystre spådommane: Det var nok av kritiske stemmer mot skrekkbilda som viste eit mogleg oversvømt Ground Zero i New York. Men så var det akkurat dette som skjedde då stormen Sandy sveipa innom austkysten i 2012. Vi begynner etter kvart å bli litt for godt kjende med desse orkanane. Seinast med Irma og Maria som nyleg herja frå seg i Karibia og Florida.
Det er også i Florida Gore står og held eit av dei mange foredraga, passande nok etter at han i gummistøvlar har tatt inn dei oversvømte gatene i Miami. Scener som illustrerer klimaendringane, er det nok av i filmen. Det meste av dette har ikkje same sjokkeffekten som for ti år sidan, dessverre. Og i periodar er det som om filmen går på tomgang, tom for framdrift, tom for nye idear. Mantraet er: Vi må handle no, elles er det for seint. Det same høyrde vi sist.
Det sterkaste med En ubehagelig oppfølger er portrettet av Al Gore sjølv: ein gråhåra, kjempande mann, som nektar å gi opp håpet om ei berekraftig framtid.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er kulturjournalist og sosiologistudent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Dokumentar
Regi: Bonni Cohen, Jon Shenk
An Inconvenient Sequel: Truth to Power
Med: Al Gore
Det er ti år sidan Al Gore viste oss En ubehagelig sannhet. Dokumentarfilmen frå 2006 portretterte USAs tidlegare visepresident i kampen for å opplyse om dei menneskeskapte klimaendringane. Ti år etter kjempar same mannen same kampen i En ubehagelig oppfølger. Tida har tæra på Gore, no 69 år, noko han spøker med sjølv; håret er grått, og ei dame seier rett ut at han berre liknar på Al Gore.
Tida har òg vist at han (og forskarane) hadde rett i mange av dei dystre spådommane: Det var nok av kritiske stemmer mot skrekkbilda som viste eit mogleg oversvømt Ground Zero i New York. Men så var det akkurat dette som skjedde då stormen Sandy sveipa innom austkysten i 2012. Vi begynner etter kvart å bli litt for godt kjende med desse orkanane. Seinast med Irma og Maria som nyleg herja frå seg i Karibia og Florida.
Det er også i Florida Gore står og held eit av dei mange foredraga, passande nok etter at han i gummistøvlar har tatt inn dei oversvømte gatene i Miami. Scener som illustrerer klimaendringane, er det nok av i filmen. Det meste av dette har ikkje same sjokkeffekten som for ti år sidan, dessverre. Og i periodar er det som om filmen går på tomgang, tom for framdrift, tom for nye idear. Mantraet er: Vi må handle no, elles er det for seint. Det same høyrde vi sist.
Det sterkaste med En ubehagelig oppfølger er portrettet av Al Gore sjølv: ein gråhåra, kjempande mann, som nektar å gi opp håpet om ei berekraftig framtid.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er kulturjournalist og sosiologistudent.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.