Her er spionfilmen du ikkje visste du trong – og heller ikkje treng.
The Golden Circle er leia av ein stormannsgalen sjef (Julianne Moore).
Foto: Alex Bailey
Actionkomedie
Regi: Matthew Vaughn
Kingsman: The Golden Circle
Med: Colin Firth, Julianne Moore, Taron Egerton
På ein elles døsig laurdagskveld ramla eg innom James Bond-filmen Spionen som elsket meg frå 1977. Roger Moore har hovudrolla i ein film der heile verda står på spel. Ikkje noko mindre.
Då Kingsman: The Secret Service kom for tre år sidan, skulle han vere ein satirisk vri på dei gamle Bond-filmane frå 70-talet. Vi følger Eggsy, ein gategut frå arbeidarklassen som blir rekruttert til eit topphemmeleg spionbyrå og deretter kasta ut i eit spel om å redde verda. Filmen peikte nase til spionfilmens banale framstilling av vald, den noko eindimensjonale framstillinga av kvinner og skurkar som vil «redde» verda gjennom å øydelegge henne.
Kingsman: The Golden Circle er oppfølgaren du ikkje visste du trong – og heller ikkje treng. Historia dreier seg også denne gongen rundt verda. Skurken er narkotikakartellet The Golden Circle, leia av ein stormannsgalen sjef (Moore). Ved å forgifte narkotikaen får fleire millionar menneske eit blått utslett som til slutt fører til døden.
Det slår meg, i møte med denne filmen, kva det er som gjer Spionen som elsket meg til ein svært sjåverdig Bond-film. Først og fremst: Han er morosam. Roger Moore evnar å bringe kjærkomen komikk og sjølvparodi til ei rolle og eit scenario som må innom dei velkjende Bond-flosklane. Sagt på ein annan måte: Dersom Kingsman: The Golden Circle ikkje ein gong har humor som Bond, kan ein jo spørje seg kvifor han i det heile tatt har livets rett.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er kulturjournalist og sosiologistudent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Actionkomedie
Regi: Matthew Vaughn
Kingsman: The Golden Circle
Med: Colin Firth, Julianne Moore, Taron Egerton
På ein elles døsig laurdagskveld ramla eg innom James Bond-filmen Spionen som elsket meg frå 1977. Roger Moore har hovudrolla i ein film der heile verda står på spel. Ikkje noko mindre.
Då Kingsman: The Secret Service kom for tre år sidan, skulle han vere ein satirisk vri på dei gamle Bond-filmane frå 70-talet. Vi følger Eggsy, ein gategut frå arbeidarklassen som blir rekruttert til eit topphemmeleg spionbyrå og deretter kasta ut i eit spel om å redde verda. Filmen peikte nase til spionfilmens banale framstilling av vald, den noko eindimensjonale framstillinga av kvinner og skurkar som vil «redde» verda gjennom å øydelegge henne.
Kingsman: The Golden Circle er oppfølgaren du ikkje visste du trong – og heller ikkje treng. Historia dreier seg også denne gongen rundt verda. Skurken er narkotikakartellet The Golden Circle, leia av ein stormannsgalen sjef (Moore). Ved å forgifte narkotikaen får fleire millionar menneske eit blått utslett som til slutt fører til døden.
Det slår meg, i møte med denne filmen, kva det er som gjer Spionen som elsket meg til ein svært sjåverdig Bond-film. Først og fremst: Han er morosam. Roger Moore evnar å bringe kjærkomen komikk og sjølvparodi til ei rolle og eit scenario som må innom dei velkjende Bond-flosklane. Sagt på ein annan måte: Dersom Kingsman: The Golden Circle ikkje ein gong har humor som Bond, kan ein jo spørje seg kvifor han i det heile tatt har livets rett.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er kulturjournalist og sosiologistudent.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.