JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Ein film som fell mellom to stolar

Historia om korleis Ole Brumm vart til, manglar retning og ein sterk hovudrollefigur.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filmen om Christopher Robin og Ole Brumm er biografisk.

Foto: David Appleby / Tour de Force

1841
20180309
1841
20180309

Biografisk drama

Regi: Simon Curtis

Adjø, Christopher Robin

Med: Domhnall Gleeson, Margot Robbie, Kelly MacDonald

«Eg hadde ein fin barndom. Det var oppveksten som var jævlig», seier ein 18 år gammal Christopher Robin Milne når han overfor faren (Gleeson) ytrar ønsket om å dra i krigen og berre bli ein i rekkja. Ettersom han ikkje klarte den medisinske testen, ber han faren snakke han inn.

For faren er ikkje kven som helst: A.A. Milne skapte dei høgt skatta bøkene om Ole Brumm, men nytta samtidig sonen som inspirasjonskjelde og levande modell. Ein uskuldig, lukkeleg barndom vart til milliardindustri. I tida etter første verdskrig var Christopher Robin, Ole Brumm og dei andre tøydyra akkurat det allmenta trong.

Adjø, Christopher Robin er altså ein biografisk film, som naturlegvis set ei ramme for historia. Men kva historie vel regissør Simon Curtis her å fortelje? Ei om ein gut som ser barndomsfantasien bli profitt og big business? Eller ei om ein krigsskadd forfattar som behandlar eit traume? Svaret blir som Ole Brumm: Ja, takk, begge delar.

Eg blir aldri heilt klar over kven vi eigentleg skal følgje. Mangelen på ein sterk hovudrollefigur er den store feilen til filmen, og det blir eit stadig større dramaturgisk problem utover i handlinga. Løysinga på «plottproblemet» blir storslegne strykeinstrument og krokodilletårene til Domhnall Gleeson og Margot Robbie. Sistnemnde speler kone og mor, men bidreg fint lite til historia utover å vere ho som gir tøyleikene til sonen. Elles forsømte ho sonen ganske kraftig, fortel filmen oss. Det berre forsterkar kjensla av at det ligg ei betre historie graven ned i manuset.

Sondre Åkervik

Sondre Åkervik er student, skribent og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis