Det store brettspelet
I Game Night er alle brikker i eit større spel. Men til kva føremål?
Brettspelfilmen er ein type metafilm.
Foto: Hopper Stone / SF Studios
KOMEDIE / THRILLER
Regi: John Francis Daley, Jonathan Goldstein
Game Night
Med: Jason Bateman, Rachel McAdams, Kyle Chandler, Jessie Plemons
Dette er ein film som er smartare enn ein først skulle tru. Det er ein komedie, men lener seg tungt på velkjende thrillerelement. Game Night handlar om noko så prosaisk som ein venegjeng som møtest kvar veke for å spele spel. Det er slik paret som husar kveldane, Max (Bateman) og Annie (McAdams), møtest.
Max har også ein kulare, penare, rikare bror – Brooks (Chandler). Heilt sidan barndommen har han juksa i alle spel mot Max. Når Brooks dukkar opp, tar han luven av Max. Her er også ein ekkel nabo, Gary (Plemons), som dei prøver å skjule kveldane for. Utan hell. Gary får etter kvart ein sentral plass i «spelet».
Game Night er ein type metafilm. Heile filmen kan sjåast på som eit spel, tydeleggjort ved at rollefigurane blir framstilte som brikker avslutningsvis, og handlinga som eit brett. Men kven manipulerer spelet?
Det er først når alle møtest hos Max til ein meir ukonvensjonell spelekveld, historia verkeleg begynner – iallfall det vi først trur er historia: Max har leigd inn profesjonelle skodespelarar for å kidnappe ein av deltakarane. Etter dette tar filmen stadig nye vendingar. Såleis er dette ein velregissert film, som er trygg på seg sjølv, og har tydelege nikk til nittitalsklassikaren The Game. Problemet for min del går på sjangerschizofrenien, der for mange element skal smelte saman. Er det thriller? Er det komedie? Sjølv om filmen har nokre genuint morosame scener, går det på kostnad av den psykologiske djupna.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er student, skribent og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ragnar Bjerkreim har teke utgangspunkt i Josef-forteljinga i 1. Mosebok. Prosjektet tek for seg flukt, emigrasjon og folkevandring til ulike tider og på ulike kontinent.
Foto: Gry Monica Hellevik
Gjennom byar, under bru
Ragnar Bjerkreims Stjernesti famnar breitt, med mange røyster og opne landskap.