Musikk

Engelsk suksess

Paavo Järvi får fram kjensleregisteret i Haydns siste symfoniar.

Den estiske dirigenten Paavo Järvi.
Publisert Sist oppdatert

Paavo Järvis mangeårige kunstnarlege leiing av Deutsche Kammerphilharmonie Bremen har mellom anna avla ein kritikarrost albumserie med Beethovens ni symfoniar. I det siste har han teke fatt på den symfoniske musikken som tente Beethoven som førebilete: «London-symfoniane» til læraren hans, Joseph Haydn (1732–1809). I 2022 kom den fyrste CD-en med to symfoniar og i fjor eit dobbeltalbum med fire til.

Sjølv om Bremen-filharmonikarane nyttar moderne instrument, ber tolkingane med sine høge tempo, sin slanke strykarklang og dei skarpt rytmiske aksentueringane i messing- og treblåsarrekkja tydeleg preg av historisk framføringspraksis. Det einaste instrumentet som er 1700-tals, er trompetane, som er såkalla naturtrompetar utan ventilar. Utøvarane formar her tonen einast gjennom differensiert leppespenning og blåsekraft, og den eksplosivt heterogene klangen blandar seg ypparleg med paukane. Noko av det finaste med innspelingane er måten dei vibratolause fiolinane blandar seg med naturtrompetklangen på, særleg i «paukekvervelsymfonien».

Æresdoktor

Dei tolv London-symfoniane (nr. 93 til 104) blei til i samband med Haydns to reiser til London i fyrste helvta av 1790-åra. Då den mangeårige arbeidsgjevaren hans, fyrst Nikolaus Esterhazy, døydde i 1790, blei hoffkapellet han leia, nedlagt. Haydn stod att som fri kunstnar.

I Wien klarte den London-baserte tyske musikkimpresarioen Johann Peter Salomon å overtala han til å skriva eit dusin symfoniar for den engelske konsertmarknaden, verk som er uvanleg omfangsrike til wienerklassisk musikk å vera. Blandinga av lærd komposisjonsmåte og tørr musikalsk humor blei ein braksuksess hjå engelskmennene. Dei betalte godt og gjorde han jamvel til æresdoktor i Oxford.

Ubroten spenning

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement