Musikk
Djervt driv
Willens er eit trøffelsvin til å spora opp gløymd musikk.
Den amerikanske dirigenten Michael Alexander Willens leiar Kölner Akademie.
Foto: Sebastian Eichhorn
Trongen Michael Alexander Willens har til å grava seg fram til ukjende komponistar frå 1700- og 1800-talet, er openbert ustoppeleg. Stadig kjem der nye innspelingar på det tyske plateselskapet CPO med Kölner Akademie, originalinstrumentorkesteret han stifta i 1996. Til no er det blitt over 80 album.
Denne gongen er det Johann Heinrich Rolle han presenterer, ein komponist som var kantor og musikkdirektør i Magdeburg (hovudstaden i dagens delstat Sachsen-Anhalt). I musikkhistoriebøker blir han sjeldan nemnd, og om han blir det, er det gjerne i samband med J.S. Bach. Medan Rolle studerte juss i Leipzig – av ein eller annan grunn var det vanleg for musikarar å studera juss den gongen – spelte han nemleg i Bachs studentorkester Collegium Musicum i Leipzigs kaffihus.
Slår gneistar
I samtida var Rolle mest kjend for sine «musikalske drama», ein slags operaer som blei framførte i konsertsalar, utan sceneri. Mindre kjend var han som instrumentalkomponist, sjølv om dei tre symfoniane og dei to solokonsertane på plata er lekre døme på den galante stilen som utvikla seg ved hoffet i Berlin rundt 1750. Me talar her om ein overgangsstil som rommar både høgbarokkens bassdrivne djervskap og den gryande klassisismens utstudert enkle melodikk.
Sinfonia i D-dur er eit døme på dette, særleg den fyrste «Allegro»-satsen (spor 1). Noka bassline kan me knapt tala om her; dei trommande celloane og kontrabassane fungerer meir som naudsynleg musikalsk understell for den velornamenterte toppstemma. Spelet til Kölner Akademie slår gneistar, med små dynamiske stigingar som brått løyser seg opp i luft. Willens tek nøye hand om kvar minste frase og melodiske vending. Overraskande er det difor at denne grundige dirigenten tolererer den feilen nokon i bass-seksjonen spelar – to gonger – i tredjesatsen (spor 3). Slike små lyte er ikkje noko eg hengjer meg opp i på konsert. Men på CD kan og må slikt unngåast.
Sunn verkelyst
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.