Musikk

Ujamt

Joseph Swensen dirigerer Beethovens niande med snøft og stønn.

Joseph Swensen dirigerer Orchestre National Bordeaux Aquitaine.
Publisert

Våren 1824 stod Ludwig van Beethoven (1770–1827) på dirigentpodiet for siste gong. «Stod» er bokstaveleg meint, for dirigera kunne den stokk dauve komponisten ikkje. I spissen for orkesteret i Theater am Kärntnertor i Wien (der det vidgjetne Hotel Sacher står i dag) sat fiolinisten Ignaz Schuppanzigh, Beethovens nære ven og forkjempar, medan «det heile blei leidd av kapellmeister Michael Umlauf», som det stod i meldingane.

Konserten byrja med ein orkesterouverture og utdrag frå den store Missa Solemnis. Etter pausen klang så – for fyrste gong – Symfoni nr. 9 i d-moll, op. 125. Med denne uhøyrt lange symfonien (70 minuttar) sprengde Beethoven ei reint instrumental form ved å leggja til ein slags ekstra sistesats med kor og songsolistar, der strofer frå Friedrich Schillers dikt «An die Freude» er tonesette. Difor ber han tilnamnet korsymfonien.

Helikons topp

Banebrytande musikkverk blir ikkje alltid oppfatta slik under urframføringa. Men niandesymfonien var ein suksess frå fyrste stund av. Applausen var lang mellom satsane (konsertkutymen med å venta til slutt er komen til seinare), og i pressa stod fylgjande å lesa: «Gjennom symfoniane sine har Beethoven for lengst opphøgd denne greina av komposisjonskunsten så høgt mellom kunstverka til menneskeætta at det for alle seinare komponistar vil vera vanskeleg å fylgja han til toppen av Helikon.» (I gresk mytologi var Helikonfjellet heimen til dei ni musene.)

Musikkritikaren skulle få rett i spådomen: Korsymfonien er eit verk alle seinare symfonikarar har måtta ta stilling til.

Diskantpreg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement