Musikk

Fredspipedans

Michi Gaigg framhevar det framandvorne i Rameaus eksotiske operaer.

L’Orfeo Barockorchester spelar Rameaus Zoroastre- og Les Indes galantes-suite.
Publisert

Jean-Philippe Rameau er eit sjeldsynt døme på ein genial komponist som samstundes var ein dyktig teoretikar. I ånda til filosofen René Descartes publiserte han i 1722 ei Avhandling om harmonien redusert til sine naturlege prinsipp. Her la han grunnlaget for den såkalla funksjonslæra i musikkteorien og prega grunnomgrep som stadig blir nytta.

Som opplysningsmann freista Rameau å finna det naturgjevne fundamentet for musikken. Eit anna aspekt ved opplysningstida kjem til uttrykk i operaene hans, nemleg fascinasjonen for framande, meir «naturnære» sivilisasjonar – anten førkristne kulturar eller samtidige samfunn upåverka av Europa. I operaen Zoroastre (1749) er handlinga såleis lagd til det historiske landskapet Baktria i dagens Afghanistan i det sjette hundreåret f.Kr., medan Les Indes galantes (1736) går føre seg på fire eksotiske stader i samtida: i Det osmanske riket, i Peru, i Persia og i Nord-Amerika.

Mykje ballett

I motsetnad til teoretikaren var operakomponisten gløymd i nesten 150 år. Dette har nok med Rameaus franske form for barokkopera å gjera, som involverer mange kunstformer (den italienske operatypen er meir reindyrka musikalsk).

I operaene hans utgjer ballettnummera ofte éin fjerdedel av framføringstida. På plate oppfattar me jo ballett som rein instrumentalmusikk. Set ein desse nummera saman, supplert med instrumentale for- og mellomspel, får ein orkestersuitar.

Feiande avslutning

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement