Musikk
Moderne oratorium
Gamalt blir nytt i Henrik Ødegaards latinsk-nynorske Te Deum.
Komponisten Henrik Ødegaard komponerte sitt tospråklege Te Deum i 2019.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
«Om Leonardos Mona Lisa er i Louvre, kvar er då Bachs toccata og fuge i d-moll?» Dette spurde den amerikanske musikkhistorikaren Leo Treitler ein gong, og svara at dette orgelstykket «er der det til kvar tid blir framført» – om så i Oslo eller Istanbul, i Bergen eller Beijing.
Skal me fylgja tesen til endes, inneber vel det at musikkverk må bli framførte for verkeleg å eksistera – at den skrivne noteteksten må bli omsett til dei trykkvariasjonane i lufta me oppfattar som lyd, som så gjennom tolkingsprosessar til sjuande og sist blir mottekne som musikk hjå lyttaren.
Om noteteksten til eit musikkverk også har immanente eigenskapar uavhengig av om han blir realisert gjennom lyd, skal eg ikkje drøfta nærare her. Men sikkert er at mesteparten av musikken som er blitt til gjennom historia, er gløymd for oss. Me kan, til dømes, gjenoppliva den vokale mellomaldermusikken ved å syngja han. Men verkeleg liv og relevans får han fyrst om han blir brukt kreativt – og konstruktivt – slik Henrik Ødegaard gjer det i sitt Te Deum frå 2019, som kan kallast eit moderne oratorium.
Ledd i lekkja
Denne tre kvarter lange komposisjonen for to songsolistar, blandakor, fire horn og kyrkjeorgel er eit tingingsverk frå Tønsberg domkor og den dåverande domkantoren Nina T. Karlsen. På plata dirigerer ho ensembla Vox Clamantis og Ensemble 96. Tekstgrunnlaget er todelt og alternerer mellom latin og nynorsk – mellom den latinske lovsongen Te Deum og lyrikk frå Jon Fosses diktbok Stein til stein. 39 dikt og 1 salme. Te Deum-teksten er seinantikk og fekk sin såkalla gregorianske melodi i mellomalderen. Gjennom melodiske og rytmiske reminisensar bakar Ødegaard han inn komposisjonen sin. Slik bidreg han med eit nytt ledd i ei gyllen lekkje av meir eller mindre frie Te Deum-tonesetjingar dei siste fire hundreåra.
Albumet inneheld i tillegg tre av Ødegaards instrumentalminiatyrar, der han komponerer mellomalderlege gregorianske melodiar saman med sin nyskrivne musikk, nemleg Antiphona IV (2007) for bratsj, Antiphona VI (2008) for trompet og Antiphona VIII (2010) for eufonium.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.