Bok

Eit land i kamp med seg sjølv

Ved sida av analysen av Donald Trumps person og ideologien han omgjev seg med, vil Halvor Elvik syna kva som skjer med USA i internasjonal samanheng.

President Donald Trump markerte 100 dagar som president på Macomb Community College i Warren i Michigan 29. april.
Publisert Sist oppdatert

Det var vel Lenin som sa det: Nokre gonger kjem verdshistoria fløymande inn på ei veke. Andre gonger går det år utan at noko skjer. Lenin opplevde det sjølv. Frå han sette seg på toget i Zürich til han kom til Finlandsstasjonen i Petrograd i april 1917, låg historia open for han. På nokre veker hadde han planen klar for kuppet mot statsminister Kerenskij.

Utan Lenin ikkje noko Sovjet; utan Lenin ikkje noka næring for Hitlers frenetiske antikommunisme. Utan Lenin kan henda ikkje noka nazistisk maktovertaking i 1933 heller. Historia er ofte dramatisk tilfeldig.

På fleire plan

Denne kjensla av å bli overmanna av hendingar treffer mange av oss no, etter hundre dagar med Donald Trump. Kva har skjedd? Vart vi åtvara? Kvar er motkreftene? Boka til Halvor Elvik gjev oss materiale for å skjøna betre epoken vi er midt inne i no. Det fine med boka er vekslinga mellom analyse, fakta og personlege historier frå felten.

To perspektiv pregar Elviks framstilling. Han vil visa den tankemessige bakgrunnen til mannen Trump – om ein kan bruka eit slikt ord på ein person så idiosynkratisk som Trump. Det skjer gjennom eit nitid kjeldearbeid knytt til kva mannen faktisk har sagt. Dette er langt på veg eit sjølvlaga karakterdrap, med Elvik som formidlar.

Dessutan vil Elvik etterspora den fundamentale vendinga Trump inneber i synet på USAs rolle i verda. Dette er berre noko som er i emning, desto viktigare å få fullt innsyn i kva Trump gjer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement