Krigen i Ukraina

Putins telefon ringjer allereie

Ikkje før hadde Russlands president erklært ei global energikrise, så ville Donald Trump snakke med han om Ukraina. Og om sanksjonar. Kva vil krigen i Midtausten og den stigande oljeprisen innebere for Kyiv?

  

Russian President Vladimir Putin attends a meeting with head of the Udmurt Republic Alexander Brechalov in Moscow, Russia, March 16, 2026. Sputnik/Gavriil Grigorov/Pool via REUTERS ATTENTION EDITORS - THIS IMAGE WAS PROVIDED BY A THIRD PARTY.
Russlands president Vladimir Putin.
Publisert

Får du ikkje lese heile artikkelen? Du må ha komplett eller digitalt abonnement for å lese nettartiklane vi omset frå Süddeutsche Zeitung. Gå til dagogtid.no/EndreTinging.

Han las frå eit ark i ein tone som var forklarande og ikkje triumferande. Som så ofte før minte Vladimir Putin om ein lærar som prøver å lære elevane dei fire grunnleggjande reknemåtane. Leksjonen hans var ikkje først og fremst mynta på rådgjevarane og regjeringsmedlemmene, som var innkalla til Kreml for å diskutere korleis krigen i Midtausten påverka oljeprisen. Denne måndagen hadde Putin ein bodskap til verda, særleg til europearane. Og sjølvsagt til Donald Trump.

Leiaren i Kreml forkynte at den globale energikrisa var ein realitet. Tilhøyrarane kunne sjølve leggje til eit «omsider».

Han oppmoda industrien i heimlandet om å utnytte den høge oljeprisen til eigen fordel, sjølv om auken kanskje berre blei kortvarig. Russland kunne vere villig til å bidra under krisa, la han til. Kanskje kunne ein òg under visse omstende samarbeide med europeiske kjøparar att. Føresetnaden ville vere at ein gjekk tilbake til «eit langsiktig og avpolitisert samarbeid».

Ikkje overraskande kom det ingen reaksjon frå Europa på dette. Men den amerikanske presidenten hadde høyrt kva Putin, støttespelaren til det iranske regimet, sa. Berre nokre få timar etter at Putin kom med denne fråsegna, ringde Donald Trump til leiaren i Kreml, ifølgje Jurij Usjakov, som er Putins utanrikspolitiske rådgjevar. Samtalen varte i rundt ein time, og temaet skal ha vore krigen i Ukraina. Tonen skal ha vore «sakleg og konstruktiv». Kort tid seinare kunngjorde Trump at dei hadde hatt ein «svært god samtale». Ifølgje Trump skal Putin ha sagt at han ønskte å vere til hjelp i krigen mot Iran. «Eg sa til han: Du hadde vore endå meir til hjelp dersom du fekk orden på Ukraina.»

Nøyaktig kva Trump meiner med «å få orden på Ukraina», er eit ope spørsmål. Å avslutte krigen? Det er i alle fall ikkje noko Putin tenkjer på no. Volodymyr Zelenskyj, den ukrainske presidenten, åtvara nyleg om at Russland kan bu seg på ein ny våroffensiv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement