JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Ein naudsynt provokasjon

Bin Laden: The One Man Show er sterkt og tankevekkjande formidla på enkelt, men effektivt vis.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3065
20221202
3065
20221202

Haugesund Teater og Artisan Teater

Tyrell Jones og Sam Redway:

Bin Laden: The One Man Show

Omsett av Kjetil Falkum
Regi: Tyrell Jones

Ikkje noko rettferdiggjer det som blei gjort i USA 11. september 2001. Men vi har godt av å høyre noko av historia bak. For ho blir samstundes ei høgst naudsynleg påminning om kva det såkalla amerikanske demokratiet har utretta av vald, øydelegging og manipulasjon kring om på kloden, i namnet til verdspolitiet. Og med lisens til å drepe. Dess lenger heimanfrå dess betre. Og ofte: dess styggare.

Gradvis radikalisert

For mannen vi kjenner som Osama bin Laden, var lenge ein idealist og tilhengjar av ikkjevald. Han er det vi møter i denne einmannsframsyninga, der Thomas Bye gir kropp og røyst til han som lenge var verdas farlegaste og mest ettersøkte terrorist, planleggjaren bak den mest spektakulære valdsgjerninga vi til no har sett.

Her får vi eit anna bilete av mannen, utviklinga frå idealistisk ikkjevaldstilhengjar til nådelaus drapsmann. Det spesielle er at perspektivet heile tida ligg hos han.

Har vi noko å lære av historia hans?

Absolutt. Ikkje at lærdommen vi får, er heilt ny. Mykje av dette har vi visst i mange år, også før 2001. Men det har vel aldri lege lengst framme i pannebrasken. I tilfellet bin Laden byrja det med at den rike, unge muslimen frå Saudi-Arabia, godt gift og med ein liten son, ved hjelp av Koranen såg føre seg ein tredje veg mellom kapitalisme og kommunisme. Så blir han gradvis radikalisert av ein palestinsk ideolog. Då Sovjet invaderer Afghanistan, blir han aktiv, i trygg visse om at USA er the good guy.

Så kjem nye konfliktar, i fleire statar i Midtausten. Då er ikkje USA ein venn lenger, og motiva deira er tvilsame.

Målet er ikkje verdsfred, men dominans og kontroll med naturressursane.

Avslappa

Spelet til Thomas Bye er ikkje prega av dramatikk, snarare er spelestilen avslappa og innbyr til refleksjon og tips om korleis vi kan gjere verda til ein betre stad å vere. Han involverer også publikum i spelet, gjer oss til part i det som skjer. Får oss til å følgje bin Laden med forståing og sympati der han og saka hans går frå nederlag til nederlag, og han må innsjå at dei metodane han trudde på, kvar gong har komme til kort.

Kor lenge blir vi med? Eg kan berre svare for meg sjølv. Det gjekk nesten skremmande lang tid før eg skikkeleg tok til å kjenne ubehaget.

Kva er eigentleg det mest provoserande ved denne historia? Konklusjonen, som vi alle kjenner, eller korleis vestleg intervensjon og grådigskap, dobbeltspel og svik – skapte det monsteret vi alle elska å hate? Kunne vi sjølve blitt ein slik satan, gitt dei rette omstenda og det rette miljøet? Er det berre å peike på islam, så er svaret gitt?

Om Osama bin Laden blei den inkarnerte vondskapen, var han ikkje slik i utgangspunktet. Noko(n) gjorde han sånn. Det kan det vere verdt å ofre nokre tankar.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis