Ei fortetta og gripande historie
Gaute Heivoll gjer det usynlege høyrleg i romanen Dine ord.
Gaute Heivoll har vunne ei rekkje prisar sidan debuten i 2002.
Foto: Paal Audestad
Roman
Gaute Heivoll:
Dine ord
Tiden
«Når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta», heiter det i Matteus 15,14. I Gaute Heivolls roman Dine ord er dette både sant og usant. Den mannlege hovudpersonen er blind, men har tidlegare skrive tolv bøker, med assistanse frå kona Terese. No er Terese parkert på sidelinja, forfattaren har leigd seg ein gammal gard og hyrer ein ung sekretær for å stå for nedskrivinga av det siste prosjektet hans. Gjennom dette arbeidet skal dei begge sjå ting i eit nytt lys, og sløkke for andre syn.
Lysande og brent
Nabokona Ågot eig garden. Ho hjelper til med matlaging, vedhogst og anna som forfattaren ikkje greier like godt sjølv. Elles greier han seg ganske bra sjølv, han steller òg med kyrne og hesten på garden. Men noko rikt liv ser han ikkje ut til å ha, anna enn i diktinga. Gjennom klesstilen til personane, den gamle skrivemaskina, grammofonspelaren og det at det berre er Ågot som har installert telefon, forstår vi at vi ikkje er i dagens landskap, men tilbake i tid.
Forteljinga som skal skrivast ned, handlar om ein stolen kikkert frå linjeskipet «Ingermannland», men innhaldet i denne er i romanen mindre viktig enn reisa nedskrivinga tar personane med på. Samstundes er det ikkje uvesentleg at ho krinsar om ei innretning som får folk til å sjå betre, eller at skipet assosierer til eit ingenmannsland.
Sekretæren opplever stadig meir det lysande i mannens forteljekunst, samstundes som ho på slutten av ei økt kan få beskjed om å kaste dagens arbeid i peisen. Han seier at for å fortelje, må ein kunne forsvinne; forteljinga oppstår i mørket, i det ufortalde, og ho ser etter kvart samanhengen mellom det å ikkje kunne forsvinne nok og resultata som hamnar i peisen.
Her kan ein få assosiasjonar til Terje Holtet Larsens forfattarskap, som rett som det er, set forsvinninga som føresetnad for eksistensen, for eksempel i boka Fra et mislykket forsvinningsnummer (2004).
Sekretæren har si eiga livshistorie, der ho heller kanskje ikkje har «forsvunne nok» til å kunne stake seg ut ein ny kurs, ei ny forteljing. Det synlege/usynlege er ein berebjelke og eit tilbakevendande spørsmål i romanen («hun så ting hun tidligere ikke hadde lagt merke til, som før hadde vært synlig, men likevel skjult for henne»).
Finslipt konsept
Gaute Heivoll skriv fram samspelet mellom desse to med stor presisjon og lytteevne. Han har også tidlegare lagt hendingane i mange av romanane og novellene sine til Sørlandet, til bygda, til ei tid før vår, og eldmotivet som vi kjenner frå blant anna Før jegbrenner ned (2010), filmatisert med tittelen Pyromanen (2016), kjem igjen i årets roman.
Han finsliper språket og motiva sine, og sjølv om han også tidlegare har undersøkt forteljingas kraft og historiske tyding, som i Himmelarkivet (2008), er dette ei litterær forsking i sjølve grobotnen for kunsten: Kva er føresetnadene for skriving, for skaping? Kva skal til for å ønske å behalde det ein skaper (kva tid er ting «ferdige»), og i kva grad formar omstenda i livet oppfatninga av nettopp dette?
Historia om forfattaren og sekretæren er ikkje nokon utfyllande biografi om nokon av dei. I staden får vi eit utsnitt av ein situasjon, der fortid og notid blir vovne inn og får vekt. Det er ei indre forteljing, ikkje ei ytre framstilling. Gaute Heivoll lukkast i å skape ei fortetta, gripande historie om ein periode og ei oppgåve som to personar ei viss tid i livet delte, og korleis det har sett dei på nye spor.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Gaute Heivoll lukkast i å skape ei fortetta og gripande historie.
Fleire artiklar
Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Svar til Preben Aavitsland
Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
«Kald kveld» (1975), 51 x 64 cm. I dei seinare måleria lausriv Schultz seg frå dei strenge komposisjonsprinsippa og fører ein ny vitalitet inn i kunsten sin.
Verdien av det vakre
Telemark Kunstmuseum har løfta fram ein mellomkrigskunstnar som har vore gløymd altfor lenge. Fargekunstnaren Alexander Schultz (1901–1981) toler godt dagens lys.
Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.
Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB
Iransk kanondiplomati
Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.