JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Det indre og det ytre livet

Bård Torgersen skriv forstandig og originalt om eksistensielle grunnvilkår.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bård Torgersen er musikar, forfattar og poet.

Foto: David B. Torch

3583
20221014
3583
20221014

Roman

Bård Torgersen:

Vær stille

Oktober

I lengt etter noko fast og sikkert byrjar ein middelaldrande og namnlaus høgskulelærar å leita etter ein gud med liten g, og han meiner vegen dit går gjennom togn. Dette er ein del av grunnplottet i den nye romanen til Bård Torgersen, der lesaren ser hovudpersonen som eit menneske i ei eksistensiell, men uhandgripeleg krise. Han er litt som Bjørn Hansen hjå Dag Solstad, men også med element av Forrest Gump og Oskar Matzerath (Blikktrommen). Mest av alt er han likevel seg sjølv.

Å praktisera språkløyse korresponderer dårleg med norsk høgskuletenking, og læraren mister fort jobben. Derimot får han nokre disiplar, utan at det er noko han vil, og etter ei tid vert følgjesveinane heldigvis borte. Utan språk er det strevsamt å formidla ein ideologisk bodskap, så fundamentet for det som ei stund ser ut som ei rørsle, er for veikt til å bera den laust samansette lekamen, og mannen held fram åleine.

Gode forteljingar

For å vera med på den tankereisa som denne romanen representerer, lyt ein godta også noko som ikkje er særleg plausibelt. Mannen i romanen går reint faktisk ut or sivilisasjonen ei lang stund, utan at samfunnet ser ut til å sakna han. Han får ikkje post eller rekningar, ikkje eingong skattemelding. Me får tru at han hadde avtalegiro på alt, og at når politiet spurde om dei pårørande ville melda mannen sakna, svara dei noko slikt som: «Sakna og sakna, fru Blom.»

Når ein først godtek føresetnadene, er romanen interessant. Her kjem stadig nye element til, og små, men gode forteljingar, mellom anna om Bach og Fredrik den store av Preussen, og Torgersen flettar alt fint saman i ein heilskap som mellom anna handlar om skilnaden på det ytre og det indre livet, der lesaren grip seg i å tenkja at sjølv om det ytre livet femner om alle dei indre, får alt det ytre også plass, og kverv, i det indre, eller, som Hamlet seier det: «I could be bounded in a nutshell, and count myself a king of infinite space.» Romanpersonen meiner å sjå at mykje av det som er feil med mennesket, kjem av språket, og det er det noko i, men utan språk lever me ein og ein og kjem ikkje vidare.

Tolkingar

I språket er fasiten mellombels, i motsetnad til stoda i matematikken. Observasjonar formidla språkleg er alltid tolkingar, men dei får tidt status som sanning. Det er for mykje snakk i verda, og det meste av det er snikksnakk. Men når verda utanfor Noreg får auga på ein nordmann, til dømes Erling Braut Haaland, ser dei ein mann av få ord og tykkjer det stadfestar ryktet om det nordiske mennesket.

Sjølv bur eg i nærleiken av Bergen, og der lyt ein nok seia, nok ein gong med Hamlet, at den nordiske togna er «a custom more honour’d in the breach than the observance». Kor som er høver det at ein mann som går inn for språkløyse, er å finna i ein norsk roman. Men denne togna gjeld berre andsynes verda kring han, medan han ovrar seg artikulert og klokt i boka, med tankar som stadig går djupare inn mot store spørsmål om kva og korleis verda er. Samstundes kan ein sjå dei skriftlege erkjenningane som noko undergravande for prosjektet, men til det seier eg med filosofen Cioran: Det verket som etter å ha øydelagd alt anna ikkje endar med å øydeleggja seg sjølv, har irritert oss til fånyttes.

Vær stille er likevel ikkje det minste irriterande, men derimot ein roman både om og til ettertanke.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når ein først godtek føre­setnadene, er romanen interessant.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis