JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Stemor er ikkje
ein diagnose

Sterk roman om ansvar og sjølvinnsikt hjå ei opprådd stemor.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Line Nyborg er konsekvent og kompromisslaus, og går ikkje utanom det vanskelege.

Foto: Herdis Maria Siegert

3649
20170915
3649
20170915

Roman

Line Nyborg:

Det andre barnet

Cappelen Damm.

Ein skulle ha hatt ein fire-fem prøveliv før det verkeleg vart alvor, men slik det er, står det poeng på spel ved kvar einaste trening, nedrykkingsspøkjelset pustar deg kaldt i nakken og du kjem for det meste til kort, raude kort. Akk ja.

Line Nyborg har skrive ein sterk roman om å kjenna seg utilstrekkeleg i kvardagssituasjonen. Hovudpersonen Agnes lever åleine med sonen Jacob, faren til guten er ikkje til stades på noko vis. Dagane går utan storhendingar, og Agnes trur ikkje sjølv at ho er på leiting etter noko anna, men så møter ho Sigurd, faren til Ina, som går i same barnehage som Jacob. Lesaren får ganske snart ei kjensle av at korkje barnet Ina eller mannen Sigurd vil gjera eksistensen enklare for Agnes, likevel er det eitkvart som gjer at ho satsar på eit liv i lag med dei. Otten til lesaren, som ein kan ana at Agnes også deler, syner seg snart vel fundert.

Ropet

Sigurd er ein bråsinna og barnsleg mann med mykje grovmotorikk og fint lite anna. Ina har lært seg at ein kan skrika seg til å få viljen sin, same kor meiningslaus viljen eigentleg er. Det er sjølvsagt eit rop om merksemd, og for eit rop det er, Agnes undrar seg fleire gonger over at ein så liten kropp kan laga så sterk lyd. Skildringa av Ina når ho skal ha det slik ho vil, er meisterleg, for Line Nyborg skriv ikkje berre om korleis Ina tykkjest å vera, som om barnet har funne opp synda og lyt bera eineansvar for åtferda si. Me ser henne med augo til Agnes, som samstundes reflekterer over sine eigne reaksjonar. Ho gjer så godt ho kan, medan Sigurd bryt alle reglane ho og han har vorte samde om, han prøver ikkje å setja grenser for Ina, men er derimot brå mot Jacob.

På ein måte er Sigurd like mykje det andre barnet som Ina er det, det er uråd å diskutera med han, han går i skyttargravene straks det er eitkvart som verkar trugande på han, og all kjensle av å komma til kort projiserer han tydelegvis inn i Jacob, som litt etter litt tek til å endra personlegdom.

Frå bakgrunnen får lesaren små bitar av informasjon om ei sak som verserer i avisene medan Agnes og Sigurd strevar med sitt. Saka gjeld ein mann som er skulda for drap på stesonen sin. At noko slikt er mogleg, verkar på tankane til Agnes, men det gjer henne berre meir analytisk, og ho byrjar å bebreida seg sjølv, slik samvitsfulle folk ofte gjer. Kanskje det er ho som er problemet, kanskje ho er ei stemor slik ein kjenner dei frå eventyrverda.

Godt om vondt

Når så Agnes ein dag finn ut at ho er gravid, tenkjer lesaren radt: Det var berre det som mangla! Korleis det går vidare, skal eg ikkje røpa her, men ikkje noko av det verkar konstruert, romanen lever sitt eige liv, utviklinga av handlinga er naturleg, nær sagt organisk.

Det andre barnet kan lesast som ein sosialrealistisk roman, med andre ord eit kart i målestokk 1:1, men her er også ein undertekst, noko som vedkjem alle, om freistnaden på å sjå seg sjølv, ikkje minst som eit element i det ein opplever som eit problem. Men Agnes er ikkje råka av ein sjukdom kalla stemorsblod, ho er heller ein helt som prøver å gjera sitt beste i ein vanskeleg situasjon.

Det andre barnet er ein god roman som det må ha vore vondt å skriva, for Line Nyborg er konsekvent og kompromisslaus, og går ikkje utanom det vanskelege. Boka har dessutan mange bipersonar som ho får fullt liv i med eit par setningar, det er godt gjort og vitnar om eit uvanleg talent.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast skribent for Dag og Tid

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det andre barnet er ein god roman som det må ha vore vondt å skriva

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis