JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Lys i vatn, lys på himmelen

Karl Ove Knausgård har skrive ein ny, stor og tidvis strålande roman.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forfattar Karl Ove Knausgård har skrive eit frittståande framhald av romanen som kom ut i fjor.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

3640
20211112
3640
20211112

Roman

Karl Ove Knausgård:

Ulvene fra evighetens skog

Forlaget Oktober

Då Tycho Brahe i si tid såg eit nytt lys på nattehimmelen, skreiv han ei avhandling med ein enormt lang tittel som ettertida har korta ned til «De nova stella», om den nye stjerna. Det han såg, var ikkje ei ny stjerne, men ei gamal som eksploderte, men misforståinga bar frukt, og slike eksplosjonar vart etter kvart kalla nova og med tida supernova. Mange av dei tunge grunnstoffa i verda vert berre til i slike hendingar.

I den nye boka til Knausgård kjem det mot slutten noko som liknar ei ny stjerne, eit lys på himmelen, men i byrjinga av den mursteinstjukke romanen er det eit lys under vatn me får sjå, gjennom augo til ein person som aldri syner seg att i teksten. Lyset kjem frå ein bil, og i bilen sit Syvert Løyning senior. Slik enda livet for han, i 1977. Sonen hans, Syvert junior, vert så ei stund hovudperson, som ung og nydimittert marinekokk våren 1986, under radioaktivt strålande tsjernobylskyer ein stad på Sørlandet, der folk seier «ja vel» i staden for «god dag».

Framifrå skildringar

Syvert er skildra framifrå som ein ikkje absolutt sympatisk (han har mellom anna Paolo Rossi som helt, noko me som framleis sleikjer såra etter kvartfinalen i Barcelona i 1982, ser på som vederstyggeleg), men truverdig ung mann som ikkje veit kvar vegen vidare i livet går. Tidskoloritten er perfekt, og tenkjemåten til Syvert er attkjennande, han veit ikkje kva som kan henda, men trur det meste er mogleg.

Syvert junior har ikkje interessert seg mykje for senior, men no dukkar faren opp i draumane hans, og difor byrjar Syvert å leita i slikt som står att etter faren. Der finn han nokre brev på russisk. Han får dei omsette og oppdagar at faren hadde ein kjærast, og har ei dotter, i Russland.

Medan Syvert har mykje av Knausgård i seg, minus ein del kunnskap, er det etter kvart systera i Russland, Alevtina, og krinsen kring henne, som tek over, og her eksellerer forfattaren i det eine glitrande, for ikkje å seie strålande, portrettet etter det andre. Der Syvert er relativt jordnær og ikkje særleg kunnskapsrik, men tidvis undrande, er Alevtina ein framifrå biolog, og både ho og dei andre russarane som skifter på å vera eg-personar, har ein kulturell ballast som kan setja dei fleste nordmenn i stråleskuggen.

Imponerande djupdykk

Sjølv om boka er av det store formatet, syner forfattaren i desse bolkane evne til å gje kvar einskild rik og nyansert bakgrunn med nokre få grep. Her er imponerande djupdykk i vitskap og litteratur, og mange inspirerande idear og hypotesar vert lanserte, slik at ein lyt leggja boka ned og samla tankane. Her kjem teksten mellom anna inn på Fjodorov og tanken om at døden må overvinnast, og at mennesket si tid just har byrja.

Syvert har på si side skaffa seg eit godt levebrød av andres død, han driv fleire gravferdsbyrå, men når eit mystisk lys syner seg på himmelen mot slutten av romanen, tyder mykje på at just den businessen no går heller mørke tider i møte.

Heilt utan hjelp frå Tore Strømøy vert det eit møte, ja, endåtil to, mellom bror og syster i Moskva, og Knausgård sjonglerer her briljant med dei ulike personlegdomane.

Dette er i det heile, og særleg i den russiske delen, ein sterk roman, der forfattaren har utvida repertoaret sitt og scora nydelege mål på bortebane, om enn under flaumlyset frå ein himmelsk strålekastar som er meir blendande enn opplysande.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dette er i det heile, og særleg i den russiske delen, ein sterk roman.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis