JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Klårleik og forståing

Harald Berntsens bok om Marcus Thrane gjev eit viktig tilskot til norsk
politisk og økonomisk idéhistorie, meiner Johan Peter Collett.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Marcus Thrane (1817–1890) var ein politisk aktivist som kjempa for lokale arbeidarforeiningar.

4457
20210903
4457
20210903

Sakprosa

Harald Berntsen:

Marcus Thrane – en foranskutt sosialdemokrat. Et portrett i politisk idéhistorie

Svein Sandnes Bokforlag

I flaumen av løpesetlar på universitetet på Blindern på 1970-talet var det nokre som særmerkte seg med dårleg og tynt papir, tettskriven tekst med smal marg og ujamn trykksverte som gjorde dei vanskelege å lesa. Utgjevar var Kommunistisk Universitetslag (KUL), ei gruppe som vende seg i avsky mot fusentastane i AKP (m–l) på den eine sida og (seinare) SV-arar på den andre. Utan grundig analyse og djup forståing av dei økonomiske tilhøva i samfunnet vart det berre amatørskap og narreleik, ikkje noka verkeleg revolusjonær kraft.

Sjansen var stor for at løpesetelen den gongen var skriven av KUL-aren Harald Berntsen, som no har skrive bok om ein av dei store i norsk arbeidarrørsle, sjølvaste Marcus Thrane. Språket er blitt betre etter mange år som forfattar, og forleggjaren har sytt for god trykk og papir, men stilen er ikkje til å ta feil av. Her skal det ikkje sparast krefter på å gå til botnar. Strategi og taktikk i kampen heng uløyseleg saman med analyse og forståing. Og kva var det no eigentleg Marcus Thrane stod for?

Politisk masserørsle

Med 30.000 medlemer stod Thranes arbeidarforeiningar fram som Noregs første eigentleg politiske masserørsle i 1850, då eit bønskrift (ein petisjon) med krav om økonomiske reformer til beste for småfolk og eigedomslause, og om allmenn stemmerett (for menn, vel å merke), vart lagt fram for kongen.

Då krava vart avviste av kongen og regjeringa, var spørsmålet kva ein så skulle gjere. Thrane gav frå seg leiinga til jusstudenten Theodor Abildgaard, som freista å alliera seg med opposisjonen i Stortinget. Men heller ikkje denne lina førte fram. I 1851 slo styresmaktene ned på rørsla. Abildgaard og Thrane og fleire av leiarane utover landet vart kasta i fengsel, og støttespelarane på Stortinget trekte seg skremde attende.

Thrane hadde sjølv likevel ikkje tenkt å gje opp. Frå varetektsfengselet skreiv han ei rekkje artiklar i Arbeider-Foreningernes Blad, og det er desse artiklane som står i fokus for Berntsens analyse av Thranes politiske tenking.

Thrane vona å bli frikjend av Høgsterett og ta tilbake leiinga i rørsla. Tida i varetekt vart brukt til å lesa. Berntsen granskar boklåna frå Universitetsbiblioteket og følgjer Thrane der han gjennom studiet av naturrettsteoretikarar (Locke), dei franske fysiokratane og økonomar som Smith og Ricardo søkjer å finna fram til ei rett forståing av samfunnstilhøva. Kvifor er mange fattige og eigedomslause, medan nokre få er rike? Og kva skal til for å retta opp i dette openbert gale tilhøvet?

Ut av lesnaden kom ein radikalisert Thrane. Eigedom er tjuveri, konkluderte han. Hovudmotseiinga i samfunnet står mellom arbeid og kapital. Kompromiss med borgarskapet, som Abildgaard freista på, vil aldri føre fram. Arbeidarane må føre kampen sjølv.

Ein moralist

I drøftinga av «smal front» og «brei front» er Berntsen på heimebane, og her kjem innsikta frå 1970-talet godt med. Men Thrane fekk aldri prøve det i praksis, like lite som Berntsen sjølv, av høgst ulike grunnar. Thrane vart ikkje frikjend i Høgsterett, men fekk ein dom på sju år og var ferdig i norsk politikk.

Thranes line ville ikkje ha ført fram i noko høve, er Berntsens konklusjon. Parallelt med Thrane i Noreg bala Karl Marx med dei same spørsmåla i London. Dette visste Thrane ikkje noko om. Og han kom aldri så langt i erkjenninga av dei grunnleggjande klassetilhøva i samfunnet som det Marx gjorde. Og dermed vart han hengjande att i det gamle. Ein moralist. Ein «foranskutt sosialdemokrat». Analysen gjekk ikkje djupt nok til å få til nokon effektiv kamp mot kapitalen.

Folkelesnad vert denne boka ikkje. Men Berntsen har med dette arbeidet gjeve eit viktig tilskot til norsk politisk og økonomisk idéhistorie. Dei som har interesse for slike tema vil finne mykje å gle seg over i forfattarens kompromisslause kamp for klårleik og forståing. Og ikkje minst i forfattarens eiga glede over å kunne gå i rette med ein av dei verkeleg store føregangsmennene i norsk arbeidarrørsle. Ikkje berre kom AKP til kort i analysen. Det gjorde Marcus Thrane òg.

John Peter Collett

John Peter Collett er professor emeritus i historie og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Folkelesnad vert denne boka ikkje.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis