Inspirert av Evklid
Kongstanken til Kopernik om å reformere astronomien greip han alt som tenåring i Krakow.
Copernicus i observatoriet sitt, måla av Jan Matejko.
Sakprosa
Jeremi Wasiutynski:
Copernicus. Skaperen av en ny himmel
Omsett av Gunnar Arneson Klokkhammer forlag 2017
«For hva er vel skjønnere enn himmelen, som inneholder alt som er skjønt», spurde Nicolaus Copernicus i forordet til De Revolutionibus orbium coelestium (om himmelsirklenes omdreininger).
Det var her han presenterte det epokegjerande heliosentriske verdsbiletet som ein gong for alle knuste den geosentriske modellen der jorda var midtpunktet i universet. Kopernik, som er den polske varianten av namnet, kom med det endelege provet for at det er sola som står i sentrum, og at jorda og dei andre planetane roterer rundt henne.
Den heliosentriske modellen er rekna til ein av dei grunnleggjande vitskapelege hypotesane i historia. Modellen vart presentert i 1543 og la grunnlaget for moderne astronomi. Året 1543 vert gjerne kalla «den kopernikanske vendinga».
Suksess i Noreg
For første gong har vi fått ein omfattande biografi om mannen som gav oss dette verdsbiletet: Copernicus. Skaperen av en ny himmel. Forfattar er Jeremi Wasiutynski, som i 1938 kom til Noreg frå Polen for å ta doktorgraden i astrofysikk. Wasiutynski vart norsk statsstipendiat og har sett djupe spor etter seg her i landet. Boka vart i si tid kåra til årets beste bok i eit leiande litterært tidsskrift i Polen. Krigsutbrotet i 1939 sette ein brå stoppar for planane om tyske og engelske utgåver. No er boka på 676 sider ikledd fin norsk språkdrakt av Gunnar Arneson.
Wasiutynski spør, med god grunn, kven Nicolaus Copernicus var. For kunnskapen om mannen og verket hans byrjar og sluttar stort sett med opplysinga om at det var han som skapte det heliosentriske verdsbiletet, der sola fekk jordas plass som midtpunkt.
Difor er det spanande å følgje den gåverike guten frå dei første studieåra i Krakow og vidare gjennom den livslange søkinga hans, først som student i Italia og seinare som høgtståande geistleg i Polen.
Copernicus kan med god grunn kallast ein av dei store polyhistorar i renessansen. For han var astronom, matematikar, jurist, økonom, strateg, poet, astrolog, tolk, kontorfunksjonær, guvernør, administrator, soldat og kommandant. Han har framleis eit namn som økonomisk teoretikar: I 1517 presenterte han ein kvantitetsteori om pengar som framleis høyrer til fundamentet i økonomifaget.
Gresk og arabisk
I Krakow vart møtet med geometrien til Evklid ei openberring for Copernicus som ung. Gjennom heile livet hadde han ei kultlikande haldning til denne delen av matematikken, fordi han kombinerte klårleik med det enkle og visuelle. Og han er fleire gonger sitert på munnhellet: «Den astronomiske vitskapen krev ein fullt ut inngåande kunnskap om alt Evklid gjorde.»
For å få med seg dette måtte han lære seg gresk. Og for å skjøne kva dei eminente arabiske astronomane hadde observert, måtte han lære seg arabisk, ikkje minst fordi dei mange kopistane som hadde skrive av tekstane deira, hadde slurva når dei skulle kopiere dei korrekte observasjonane. Det tok tid å rette alle skrivefeila.
Slik gjekk tida før Copernicus hadde ferdig De revolutionibus. Men han var ikkje vidare ivrig etter å få funna sine publiserte. Vener og kollegaer pressa på for å få han til å ta dette avgjerande steget. Copernicus nølte, ikkje minst fordi han frykta reaksjonane funna hans ville få når dei blei kjende.
Den som pressa mest, var den unge og gåverike Georg Joachim Rheticus, ein tysk-austerriksk matematikar, astronom, teolog, kartograf m.m. som var ein stor beundrar av Copernicus. Det var Rheticus som tilrådde at dei skulle gå til boktrykkjaren Andreas Osiander i Nürnberg. Det var eit val med komplikasjonar. For utan løyve endra Osiander det vakre forordet til Copernicus, til å skrive at heile verket er ein hypotese og at det ikkje treng å vere slik i røynda. Forordet var anonymt, slik at lesarar kunne tru det var verket til Copernicus.
Arvid Bryne
Arvid Bryne er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den heliosentriske
modellen er mellom dei grunnleggjande vitskaplege hypotesane i historia.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.