JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

«Ein kan gjera lurt i å merka seg namnet Olav Fangel, for han har skrive ein original roman.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Romandebutanten Olav Fangel kjem frå Asker og har gått på Skrivekunstakademiet i Bergen.

3710
20240308
3710
20240308

Roman

Olav Fangel:

Embrik i høyere oppløsning

Gyldendal

Framand for seg sjølv i den tomme verda

Olav Fangel skriv stilsikkert om den botnlause einsemda.

Ingen mann er ei øy, meinte John Donne, men truleg var han litt vel optimistisk i geografien. Alle er åleine i verda, men kan hende finn somme ei bru over til dei andre. Best er det truleg om andre byggjer den brua for ein, slik til dømes foreldre bør gjera for borna sine.

I debutromanen Embrik i høyere oppløsning av Olav Fangel har ikkje foreldra gjort denne jobben. Embrik er så desidert insulær i livet sitt. Rett nok har han ei syster, Isabell, som introduserer han for visse fenomen på internett, mellom anna pornografi, men elles er dei fleste andre, og alle såkalla vaksne, totalt fråverande i denne romanen.

Ingen emosjonar

Olav Fangel har funne ein eigen måte å skildra dette på, i grunnen utan å skildra, teksten er halden i eit nøkternt språk, her finst ingen emosjonar. Alt berre er, det vert registrert, men knapt reflektert over som noko i samanheng med Embrik, han er personleg som eit kamera.

Boka handlar då også mykje om film, og ho er til dels skriven i ein slags voice-over-stil.

Embrik møter jenta Defne, som vil laga film, og Embrik vil laga det som vert kalla behind the scenes. Å gjera Embrik til ein slik bonusmaterialist er eit klokt grep, det er just slik han er, i ei stode eg vil kalla sosial anestesi, fullstendig framand for seg sjølv i ei verd som tykkjest fargelaus og tom.

Rett nok møter Embrik også nokre andre enn Defne, mellom andre ein kar som berre vert heitande Gutten, og ei stor jente som kallar seg Alv, men som ein gong i tida var Victoria. Desse tre høyrer saman, sjølv om Gutten ikkje har mykje til overs for Alv.

« Ein del av teksten er skriven på engelsk, det er jo den vegen det går.»

Det vert sagt mykje om mangt i denne romanen, men Fangel er påpasseleg og konsekvent, han veit akkurat kva som kan seiast og ikkje utan å øydeleggja tonen i teksten, som er mest tydeleg i dissonansen mellom registrering og refleksjon. Når lesaren forstår at Embrik er litt forelska i Alv, er det heilt uråd for Embrik å innsjå noko slikt sjølv, for han har ikkje eit omgrepsapparat som dekkjer kjensler.

Han er korkje lei seg eller glad, men under ein spesiell seanse saman med Alv og to andre, der det vert drukke alkohol, kjem Embrik i nærleiken av noko som liknar menneskelege reaksjonar. Det same skjer med Alv, som held ein tale som nemner essensen i romanen, nemleg dei dysfunksjonelle foreldra. Noko liknande skjer eit par år etter med Gutten, i ein aggressiv monolog om at ingen har trudd på han, og at samfunnet er korrupt. Just den scenen er svært god, her er det berre talestraumen som skildrar talaren, den unge mannen som ikkje har fått gjennomslag for kunsten sin, og som meiner dette ikkje kjem som resultat av sann kvalitetsvurdering. Han er feilfri, verda har all skuld.

Botnlaus einsemd

Ein gjer lurt i å merka seg namnet Olav Fangel, for han har skrive ein original roman om den botnlause einsemda i ei verd der teknologien, under illusjonen om å knyta folk saman i nettverk, har gjort kvar og ein meir til ei aude øy enn nokon gong før. Ein del av teksten er skriven på engelsk, det er jo den vegen det går, og både dette og anna i boka minner meg om noko ein slektning av meg fortalde. Han sat i stova medan den yngste sonen hans leika med noko på golvet. Brått såg guten tenksamt ut i lufta, så snudde han seg mot faren og sa, på bergensk: Pappa, vet du koffår eg snakkar så mykje ængælsk? Faren: Nei. Guten: Ikkje eg hællar.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis