Arkivet: Sean O’Hagan presenterer Louis Philippe
Louis Philippe er både popartist og fotballjournalist.
Pressefoto
Eg tippar at fleire av lesarane har høyrt om Sean O’Hagan, kjend for platene han laga med The High Llamas, og eigne soloutgivingar som Radum Calls, Radum Calls, som eg skreiv om på desse sidene då albumet kom ut i 2019 – og somme vil vite at han har vore både musikalsk førebilete for og samarbeidspartnar med Sondre Lerche.
For storparten vil nok likevel Louis Philippe vere eit nytt namn – inntil no, når nett O’Hagan har sett saman samleutgivinga Sean O’Hagan Presents: The Sunshine World of Louis Philippe (Tapete Records).
Louis Philippe er både fotballjournalist og popartist, ein noko uvanleg kombinasjon, må ein vel seie, og materialet O’Hagan har samla, stammar frå tidsrommet 1994–2007.
Stemningane er gjennomgåande lyse og lette på dette elegante popalbumet, der solskinet i tittelen verkeleg treffer blink. Det dreier seg om lett, nynnbar musikk, nokre strimer med sommar i haustmørkeret, følgt av eit fint teksthefte der O’Hagan fungerer som guide og tek deg med inn i Philippes musikk. Min favoritt: «Sweet Dollar Bill». Som O’Hagan skriv: «The immediacy of this melody is almost shocking.»
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.