Ut med utmarka
Forboden 17. mai-feiring på ei utmark på Hauskjeheia på Finnøy i 1940.
Johannes Austbø / Digitalt Museum
Framvoksteren av jordbruket er eit av dei store spranga i historia. Matproduksjonen vart effektivisert. Nye teknikkar, nye vokstrar og nye tamdyr skapte meir og meir tilgjengeleg mat. Det var ikkje lenger nødvendig at alle samla mat. Det vart bore fram så mykje mat at nokre få kunne byrje å stelle med andre ting.
Byar, som fekk mat frå omlandet sitt, voks fram. Dei som budde der, dei første byfolka i historia, kunne stelle med litt av kvart: kunst, prestetenester av ulikt slag, lærdom. Jordbruket skapte byen, og byen skapte eit meir variert liv for menneska.
Jordbruket har alltid hatt eit spent forhold til naturen. For det første kviler alt jordbruk på det fantastiske underet fotosyntesen er. Denne underlege naturprosessen skaper solenergi om til mat. Jordbruket kviler på naturen og den gåtefulle omforminga av solstrålane.
Men alt jordbruk kviler på eit grunnlag til: Jordbruket krev plass. Det krev jord, som nemninga seier. Og då kjem jordbruket i konflikt med resten av naturen: ville plantar og ville dyr, det vi i dag kallar utmarka. Dei var her først. Og denne konflikten har forma den verda vi lever i.
Jordbruket verda over har fortrengt utmarka, villmarka. «Där var sädesfälten böja sig för vinden», som Harry Brandelius song; der fanst det ein gong villmark, der voks det skog. Ville dyr tok seg av planterikdommen – og av kvarandre.
I dag veks det matvokstrar der, først og fremst ulike kornslag, som føder ei veksande folkemengd i verda. Gamle skogsområde, som det amerikanske Midtvesten, sender korn til resten av verda, som eit anna gammalt skogsområde, Ukraina, også gjer.
Det har vakse fram ein verdsmarknad for mat, først og fremst for kveite og ris. Transportsystema er utvikla og har auka kapasitet. Og marknaden veks. Det krevst meir dyrkamark til matproduksjonen. Og utmarka taper.
Garden heime låg med utmark rundt dyrkajorda på alle kantar. Ein del av utmarka var nedvoksen av einerbuskar. Dei veks tett og dekker bakken, slik at lys ikkje når bakken og ingenting kan vekse der. Desse einerane sette vi fyr på i slutten av april. Då hadde bakken vore frosen heile vinteren, og vokstrane, eineren også, hadde ikkje fått noko vatn i røtene sine. Alt, lyng og grastustar, var tørt og brann godt.
Så spreidde vi hønsemøkk over oska. Hønsemøkk er kraftig gjødsel. Neste sommar hadde eit frodig kulturbeite tatt over marka, til glede for bonden og husdyra.
Men all lyng, tyttebær-, blåbær-, og røsslyng, var borte. Og lerka fann ingen bakke med rikt, gammalt gras der ho kunne ha reiret sitt.
Kulturen hadde fordrive utmarka. Kulturbeite var framtida.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
Albert Einstein då han byrja ferien med ein ni timars segltur på ein innsjø i delstaten New York i USA 3. juli 1936.
Foto: AP / NTB
Einstein og Gud
I rampelyset: Norges Bondelags leiar Bjørn Gimming og landbruks- og matminister Sandra Borch heldt pressekonferanse etter semja i jordbruksoppgjeret. Om dei har jordbruket med seg, er ei anna sak.
Foto: Annika Byrde / NTB
Bøndene må få meir