JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Tubeost til verda

Olav frå Molde sette Noreg på ostekartet for 100 år sidan.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ost frå tube kan også brukast på saltstenger, ser det ut til.

Foto: Steven Depolo / Wikimedia Commons

4052
20221118
4052
20221118

I spalta førre veke såg vi korleis samvirkemeieriet Tine har spreidd verksemda si ut i verda – langt forbi dei norske ressursane dei har teke på seg ansvaret for å forvalte. Men Tine er langt frå aleine om å produsere norske merkevarer i andre land. Nei, kanskje er dei heller seint ute. Kavli har iallfall gjort det same i kring hundre år.

Lat oss byrje med starten. Han tek oss om lag eit sekel attende i tid – altså rett til dei glade tjueåra. Fest, film og framskritt prega verda, ser eg det vert hevda, og det kan passe godt på det Olav Kavli dreiv med på den tida. Han vann nemleg kappløpet om å lage ein smørbar og haldbar ost.

Smørbar ost er jo lett å lage: Det er berre å piske fersk ostemasse glatt. Men slik ferskost held seg ikkje meir enn nokre dagar. Olav Kavli oppdaga at ved å sette til smeltesalt – natriumsitrat, E331 – kunne ein smelte ost òg. Når han spedde ut ostemassen med vatn og konserveringsmiddel, heldt den mjuke konsistensen seg og gjorde produktet haldbart over lengre tid.

Sennep og postei

Smørjeosten Primula var skapt og skulle seljast ikkje berre i Noreg, men verda over, meinte den amibisiøse ostegründeren frå Molde, som mellom anna laga påkosta reklamefilmar om korleis Primula-osten reiste mot Nordpolen i luftskip. I 1929 vart han fyrst i verda med å selje ost på tube.

I byrjinga var all produksjon i Noreg, men denne historia syner at uflagging ikkje er noko moderne fenomen. Ganske snart oppdaga Kavli at det gav betre lønsemd å produsere Primula utanfor Noreg. Han etablerte fabrikkar i Sverige, Danmark, Austerrike og Storbritannia, og fleire av dei eksisterer framleis. Kavli produserer matvarer i Sverige, Finland og Storbritannia til ein samla salsverdi på over 400 millionar euro.

I Noreg kjenner vi Kavli smørjeost, og dei ulike smakane vert framleis produserte her. Kavli eig òg Q-Meieriene, slik at alle Q-produkt og all Skyr er ein del av Kavli-familien. I Sverige vert det også laga smørjeost under merkenamnet Kavli, i tillegg til dressingar, eddik, sausar og sennep med merkenamn som Johnnys, Västerviks, Perstorp og Eriks.

Finnane lagar mjølkefrie drikkar og mjølkefrie meieriprodukt med namnet Planti. Og i Storbritannia heiter jammen smørjeosten framleis Primula og har eit lita budeie på tuben. Om smaksvariantane er temmeleg like dei norske variantane, er det britisk mjølk og britiske fabrikkar som produserer dei britiske. I tillegg eig Kavli ein skotsk posteifabrikk – Castle McLellan Foods Ltd.

Overskot til andre

I alle land har Kavli same filosofi: Alt overskot går til stiftinga Kavlifondet, og alt overskot vert delt ut att til det Kavli kallar good and deserving causes. Kavlifondet er ikkje eit norsk fenomen – Kavli Trust delte i 2021 ut 93 millionar kroner. Mellom anna fekk det svenske medisinuniversitetet Karolinska Institutet åtte millionar kroner.

Truleg gjekk dei pengane til forsking på mental helse hjå barn og unge, dette er iallfall eitt av Kavli Trusts hovudsatsingsområde (det andre er klima og miljø), men ikkje kva som helst slags forsking: Pengar løyvde til slik forsking går gjennom eit program som er «spesialdesignet for å unngå bortkastet forskning». Ifylgje stiftarane sjølve kan nemleg så mykje som 85 prosent av helseforsking vere bortkasta – i det at ho ikkje vert følgd opp av vidare forsking og/eller ikkje får nokon som helst andre konsekvensar enn at ho kosta pengar.

Det er lett å vere samd i at det høyrest dumt ut. Men kva har alt dette å gjere i ei spalte om mat og matproduksjon? Vi har reist langt, eg skal innrømme det, kanskje mot spalta si yttergrense, men likevel: Det hadde ikkje vore delt ut éi einaste krone verken frå Kavlifondet eller Kavli Trust om ikkje nokon hadde ynskt å ete smelteost. Tenk på det, du. Og så kan du samstundes tenke på at om ingen i Kavli tar ut ei krone av overskotet verksemda genererer, vert det heller ikkje betalt éi krone i skatt av dette overskotet. Ikkje i eitt einaste land dei produserer. Eg berre nemner det.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis