JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Tacokrydder

Gå inn i helga med fleire skåler enn posar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tacofredag: Ingen dårleg start på helga, dette – i det minste ikkje så lenge skålene er fleire enn posane.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

3907
20220826
3907
20220826

Endeleg fredag – og på tide å finne fram alle dei små skålene du har i kjøkkenskapa. Ja, for tacofredag står seg, verkar det som, trass i all kuttinga som må til i forkant, og all oppvasken etterpå. For sjølv om tacoindustrien, med såkalla kits, altså samanpakka sett med fleire av ingrediensane du treng, gjerne gjev inntrykk av at taco er ein lettvint ferdigmatsjanger, er ikkje ei viss mengde knivarbeid til å kome unna, om fredagskosen skal verte som han pleier å vere: Ein må ha oppskoren agurk i éi skål, tomat i ei anna, paprika i ei tredje, lauk i ei fjerde og salat i ei femte skål – minst. Og så har vi avokadoen, som kanskje må verte til guacamole, og bør det ikkje vere litt koriander her på eit eller anna vis?

Ja, og så kjøtet, då – kjøtdeigen som må badast i sveitte, eller tacokrydder, som det også vert kalla. Kva er dette for noko, eigentleg?

Jo, tacokrydder er heldigvis fyrst og fremst det det høyrest ut som: ei krydderblanding. Og det krydderet som gjer at mange, meg sjølv inkludert, synest blandinga luktar litt for likt sveitte, er spisskum.

Sjølv om plantene liknar, og spisskum heiter cumin på engelsk, medan karve heiter kummin på svensk, har ikkje spisskum noko som helst biologisk med karve å gjere. Spisskum, som vert mykje brukt i både det austlege og det mellomamerikanske kjøkkenet, kan fort vere det mest meksikanske ved heile tacofredagen.

Chili vert òg nytta i meksikansk matlaging, det skal seiast, og er òg å finne i posane med tacokrydder du får kjøpt på butikken – gjerne saman med paprikapulver, oregano og ulike former for lauk. Dette er det ikkje noko å seie på. Det er ikkje kryddera i posen det er noko gale med – det er alt det andre.

Alt det andre

Av alt det andre det kan vere ganske mykje av i ein pose tacokrydder, finn vi ingrediensar som er heilt på viddene. Til dømes er hovudingrediensen i Santa Maria Spice mix for Taco Original druesukker.

Druesukker er glukose – ei sukkerform så lettoppløyseleg at ho er vår viktigaste kjelde til karbohydrat. Det vi vanlegvis tenker på som sukker, er ei blanding av glukose og sukrose. Stivelse er òg mest glukose. Men altså, glukose i tacokrydderet ...?

Glukosen står ikkje øvst på innhaldslista, for der er det krydderet som har fått plass. Men sidan krydder ikkje er éin ingrediens, men fleire – Santa Maria nyttar spisskum, chili og kvitlauk – er det druesukker det er mest av i posen. Akkurat kor mykje får vi ikkje vite, men sidan næringsinnhaldet er oppgjeve til 20 gram sukker per 100 gram innhald, kan vi anta at det er om lag så mykje glukose i posen: kring ein femtedel.

Berre for mykje

Sidan ein pose tacokrydder inneheld berre 28 gram krydder, utgjer ikkje glukosen meir enn kring fem gram – eller to sukkerbitar. Fordelt på heile storfamilien er det knappast noko som får større konsekvensar. Ikkje i seg sjølv, i alle fall. Men kva når ein legg saman alle dei skjulte sukkerbitane ein får i seg, utan å vite det, i løpet av ei veke, ein månad, eit tiår?

Eit vestleg kosthald treng meir vitamin, meir mineral, meir sunt feitt og berekraftige protein. Det treng ikkje meir næringstomme karbohydrat som dei det skjulte druesukkeret representerer. Og dei andre produsentane er knappast betre: Er det ikkje druesukker i posane, er det andre former for stivelse og karbohydrat, som maltodekstrin eller dekstrose, som rett nok ikkje vert tatt så fort opp i kroppen som glukose – men som heller ikkje har noko fornuftig der å gjere: Dei har ikkje eingong smak.

Vil du unngå sukker i tacoen din, har Santa Maria ein økologisk variant av krydderblandinga, der dei har nytta potetmjøl i staden. Men eigentleg treng du ikkje det heller: Har du spisskum, oregano, chili og paprika i krydderhylla di, har du jo alt tacokrydder, og å krydre tacokjøtdeig er ikkje vanskelegare enn å krydre kjøtbollar, lasagne eller pizza. God posefri helg!

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis