Frå matfatet

Slakting

Vi veit ikkje alt om norske slaktereglar, og nokon synest det kan halde fram slik.

Det er reint og fint på dei store slakteria. Men er dette einaste måten å slakte trygt og reint kjøt på?
Publisert Sist oppdatert

«Norge skal ha en dyrevelferd i verdenstoppen.» Slik byrjar NOU-en Dyrevelferd som kom rett før jul i fjor. Han slår mellom anna fast at det «som en hovedregel ikke er tillatt å transportere slaktedyr på reiser som overstiger åtte timer». Men i Nordland, Troms og Finnmark er grensa elleve timar – dersom det ikkje er mogleg å nå eit slakteri innan åtte timar.

Kvifor kan ikkje husdyr i dei tre nordlegaste fylka nå eit einaste slakteri innanfor åtte timars køyretid? Fordi det har vorte stadig færre slakteri i Noreg dei siste tiåra. No er vi nede i 29. Tidlegare har det vore nærare 100.

Kvifor får vi stadig færre slakteri – samstundes som både folk og politikk ropar etter betre dyrevelferd, kortare dyretransport og meir lokal og berekraftig matproduksjon, meiner eg? Mellom anna fordi det same folket og politikken skrik minst like høgt etter billeg mat i ein effektiv produksjon. Men òg fordi det å drive eit slakteri også inkluderer stadig meir byråkrati, som vert stadig dyrare.

Visste du at det er lov å slakte dyr på garden i Noreg – og framleis selje kjøtet? Ikkje det? Det er ikkje så rart. Regla vi får presentert av styresmakter og deira utøvande organ Mattilsynet, er at alt kjøt som skal omsetjast, skal slaktast og prosesserast på eit godkjent slakteri. Berre i ei undersak på nettsidene til Mattilsynet, datert 27. januar 2023, finn eg informasjon om feltslakting: «Feltslakting innebærer avliving og avbløding av et begrenset antall storfe, sau og geit, svin og hest på gården.» Dersom dyreeigaren har avtale med ein slaktar og ein veterinær og eit godkjent slakterilokale til å ta imot dyret etter avliving, og dersom Mattilsynet har sett dokumentasjon på alt dette og godkjent det, kan inntil tre storfe, ni småfe, seks svin og tre hestar slaktast om gongen.

Det er alt ganske mykje byråkrati, tenker du kanskje, og det er rett. Men det er òg ein sjanse til å oppfylle ei heil rekke politiske mål samstundes. Så kvifor snakkar styresmaktene så lite om at det er lovleg?

Dyr godkjenning

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement