Økonomi

Akilleshælen til velferds­staten

Oljefondet er ein stor suksess. Nett difor er det med på å gjere Noreg sårbart, meiner finansforskar Espen Henriksen.

Dårleg stemning på New York-børsen under krakket i 1987. Sidan tidleg på 2000-talet har det norske oljefondet sloppe unna lange nedgangsperiodar på børsane. Men det tyder ikkje at slike periodar ikkje kjem igjen.
Publisert Sist oppdatert

Revisorfaget handlar vanlegvis om å gå kritisk gjennom ting som alt er gjorde. Men det er ikkje lenger nok for riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen: Han vil revidere framtida òg. Denne veka kom første utgåve av Riksrevisjonens økonomiske analysar, som heretter skal vere med i den årlege gjennomgangen av rekneskapane til staten.

Ved framlegginga vifta Schjøtt-Pedersen med ein åtvarande peikefinger mot politikarane og resten av folket: Ein stadig større del av statens utgifter blir henta frå oljefondet, og det gjer oss sårbare. I fjor vart over ein femtedel av utgiftene dekte med pengar frå fondet. Om verdien av oljefondet fell med 10 prosent, og om vi framleis skal halde oss innanfor handlingsregelen, kan statsbudsjettet brått få eit hòl på 60 milliardar kroner.

Dag og Tid inviterte Espen Henriksen, forskar ved Institutt for finans på Handelshøyskolen BI, til å tenke høgt om åtvaringane frå riksrevisoren og framtidas statsfinansar.

– Eg synest det er bra at Schjøtt-Pedersen kjem med desse åtvaringane. Eg har prøvd på noko av det same sjølv. Men han kunne nok sagt klarare at desse problema er resultat av ein stor suksess, seier Henriksen.

Egg i mange korger

Suksessen han viser til, er særleg opprettinga og innrettinga av sjølve oljefondet (eller Statens pensjonsfond utland, som er det offisielle namnet). Etter at statens petroleumsinntekter vart plasserte i verdipapir, var ikkje lenger statsfinansane avhengige av olje- og gassprisar som svinga mykje frå år til år. Oljefondet vart oppretta i 1990, og dei første innskota vart gjorde i 1996.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement