Reportasje
Joseph og bilen
Kor gamal var du då du lærte at det heiter gepard, ikkje geopard som i leopard berre med g? Eg var 39 år.
Joseph (56) i Hiacen sin. Han drøymer om ein Land Rover.
Alle foto: May Linn Clement
Under nokre buskar tjue meter frå bilen vår ligg ei gruppe på fem gepardar. Fyrst ser eg dei ikkje, den lyse pelsen med mørke flekkar går i eitt med buskane. Men Joseph peikar og forklarar så godt han kan frå førarsetet.
– Mellom dei to trea til høgre er det eit berg. På skrått ned til venstre for berget, ein busk. Rett bak graset som stikk opp til høgr...
– Eg ser dei! utbryt eg.
Der er éin, to, og til slutt ser eg alle fem. Den eine reiser seg og går nokre steg og legg seg ned att.
Rundt oss er det minst ti andre bilar på kryss og tvers med turistar som ser på, eller prøver å sjå, nett dei same gepardane. Det er slik ein ser om det er noko å sjå; bilar samlar seg alltid av ein grunn.
Kva tenkjer eg? At eg kunne stått her i bilen og sett på desse gepardane i timevis? Nei. No har eg sett gepard. Me må vidare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.