JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Opp i under

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2353
20220610
2353
20220610

Under er ikkje nett eit teknisk vedunder, men det er eit unders fint ord. Underleg nok har det ikkje vore drøft i denne spalta før. Preposisjonen under vart underleggjord her i 2017, men no dreiar det seg om inkjekjønnsordet under (‘uskjønleg, merkeleg hending; undring’).

Det skulle ikkje forundra meg om nokon trur at dei to orda er nærskylde, for ved fyrste augnekast er dei kliss like. Ulikt opphav har dei like fullt. I mange mål har dei ulik form òg, som norrønt undir og undr, engelsk under og wonder og tysk unter og Wunder. Opphavleg var det ein w i vårt under òg, men på vegen frå urnordisk til norrønt fall han bort, til liks med ei rad andre w-ar føre runda vokal (jf. t.d. norsk ull, ulv og ord mot engelsk wool, wolf og word).

Berre eit (Guds) under kan berrleggja røtene til under. Me veit rett og slett ikkje kvar det kjem frå, men me har teoriar. Ein av dei går ut på at under er skyldt verbet vinda (‘tvinna, vrida, fletta’). Då kan tydinga ha endra seg frå ‘vriding’ til ‘undring’. Det finst andre ord med liknande bakgrunn, til dømes perpleks (‘rådvill, klumsa’), som heng i hop med latin plectere (‘fletta’). Verba undra og forundra kjem i alle fall frå under. Det same gjeld undren, underleg og undersam. Det vedunderlege ordet vedunder har grunntydinga ‘noko ein undrar seg ved’.

Me kan undrast eller undra oss på, over eller ved noko, men me kan òg seia at noko undrar oss: «Det undrar meg at dei gjer det slik.» Om me vil målbera at noko er sjølvsagt og heilt som venta, kan me setja eit av undra-verba i lag med ei nekting: «Det forundrar meg ikkje!» «Det er ikkje til å undrast på.» «Den som vil kliva på kvar ein klett, han skal ikkje undrast om han dett.» Eit anna ordtak seier at «han undrast mykje, som lite veit». Sant nok, men det går vel andre vegen òg? At dei som veit mykje, er folk som jamt undrar seg over ting?

Beundra og beundring er velkjende ord som ligg og lurer fremst på tungespissen. Ovundra og ovundring held seg meir i bakgrunnen, men dei har fin tyngd og kan gjerne dragast fram oftare. Stundom ovundrar me folk me oppfattar som underlege, og det er ein kjærleg undertone i denne vanlege utsegna: «Du er meg ein underleg skrue.» Tonen er litt mindre kjærleg her: «Det var då underleg til styr på deg.»

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis