JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Laboratoriekjøt

Kva om laboratorieproduksjonen er høvet vi treng for å skape den matproduksjonen vi ynskjer oss? 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Slik vil det nederlandske kjøtlaboratoriet Mosa Meat selje stamcelleburgaren sin. Straks vert han å få kjøpt i Singapore.

Foto: Mosa Meat

4005
20230609
4005
20230609

No er det her: det laboratorieproduserte kjøtet. Burgaren som er laga av stamceller, er ikkje lenger ein frankensteinvisjon – han vert faktisk laga på ei produksjonslinje og seld over disk i Singapore. Ja, berre i Singapore, for det landet vart fyrst i verda til å godkjenne dette produktet. Alt i 2020 fekk ein kunde betale 23 dollar for ein labdyrka kyllingnugget.

No fortel Nationen at det nederlandske firmaet Mosa Meat vil ta opp konkurransen i Singapore med ein labdyrka storfeburgar. I begge desse høva er det altså kjøt dyrka frå stamceller vi snakkar om: Mosa Meat fortel på nettsida si at dei hentar 0,5 gram stamceller frå eit lokalbedøvd dyr, og at dei ut frå det kan dyrke 80.000 burgarar.

Dette er likevel langt frå den einaste måten animalsk mat kan dyrkast i laboratorium på. 2020 var òg året då den kjende matskribenten og husdyrkritikaren George Monbiot hevda å vere den fyrste utanforståande til å ete ei pannekake laga av mikrobar og vatn.

Monbiot var hjå det finske firmaet Solar Foods, som hevdar dei lagar verdas mest berekraftige protein: Ved hjelp av hydrogenoksiderande bakteriar, solenergi, CO2 og ulike mineral får dei vatn til å produsere eit protein som dei så omset til å kunne erstatte alt frå mjølk til egg til kjøt til omega 3-feittsyrene vi er vane med å hente frå fisk. 25. mai i år hadde Solar Food si fyrste matservering – også i Singapore – og på menyen stod mellom anna pasta, eggesaus og iskrem laga med det patenterte Solein-proteinet.

«Labkjøt vil snart øydelegge landbruket – og redde planeten», skreiv Monbiot i The Guardian etter vitjinga hjå Solar Foods, og uttrykker slik både redsla landbruksnæringa verda over har uttrykt, og salsargumentet labnæringa like lett tyr til. Det er både føreseieleg og forståeleg at tradisjonelle matprodusentar har uttrykt skepsis til den tilsynelatande ressursuavgrensa laboratorieproduksjonen.

Men må den nye verda vere så svartkvit?

Eg har ein draum

Tenk om vi kunne lage oss ei verd der laboratorieproduksjon av kjøt og andre landbruksprodukt, både vegetabilske og animalske, gjer overutnytting og pining av så vel husdyr som matjord og verdshav overflødig – og gjer berekraftig produksjon, som tek vare på dei positive sidene ved matproduksjonen, samstundes som vi produserer nok næringsrik mat til alle menneska på jorda, mogleg.

Det er berre éin ting som må til for at dette skal verte røyndom: vilje til regulering. Dersom verdas politikarar set seg attende i stolen og lèt marknaden ordne biffen, vert kua fort utkonkurrert. Men dersom dei same politikarane alt no, i forkant, set seg ned med både den nye og den gamle næringa og prøver å lage løysingar som er til det beste for alle, kan vi truleg få til mykje.

Lat oss realisere

For all del: Vi kjem til å sjå store endringar. Eg er blant dei som ikkje grin om den industrielle kyllingnæringa i verda forsvinn fullstendig, til dømes. Verda lever godt utan at milliardar av kyllingar må vekse seg slaktemodne på 23 dagar ved hjelp av fôr som er fullverdig menneskemat. Men ei eventuell utfasing må gjerast på ein måte som tek var på menneska bak. Folk som mister levebrødet sitt, må få hjelp til å finne eit nytt. Helst eit som framleis heng fast i jorda eller havet.

Det er ingen grunn til at ei framtid med stamcellekjøt og mikrobepannekaker skal ha færre matprodusentar enn verda har i dag. Tvert om: Å konsentrere ein del av matproduksjonen på færre hender kan gje rom for å late fleire ta del i den jord- og vassbundne matproduksjonen.

Målet må framleis vere éin matproduksjon der laboratorium og småbruk eksisterer side om side, der det eine produktet ikkje er enormt mykje dyrare enn det andre, og der begge er tilgjengelege for oss alle.

Naivt? Kanskje. Men det er, trass alt, berre vi som kan forme framtida. Og når ho er så open som no, gjer vi godt i å minne oss sjølve på at det er minst like ope kva vi nyttar ho til.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis