JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Kjendismat

Ikkje all mat som gøymer seg bak eit kjent namn, er like dårleg som bollane til Oskar Westerlin. Men alle har eitt problem felles.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Her er Oskar Westerlin på scena under VG-lista i fjor. I år sel han bollar. Kven tener på det, skal tru?

Foto: Heiko Junge / NTB

4194
20230310
4194
20230310

Ja, det skal handle om bollar. Klart det skal handle om bollar med massevis av sjokolade, for alt handlar jo om dei triple sjokoladebollane til TikTok-kjendisen Oskar Westerlin, dei som vart fullstendig utselde frå produsenten Bakehuset på berre éi veke.

Med andre ord må bollane kunne kallast ein salssuksess. Noko anna hadde vore løgn. Likevel sit det langt inne å erkjenne at det måtte eit så latterleg dårleg produkt til for å få born og unge til å stå i kø utanfor daglegvarebutikkane når dei opnar om morgonen.

Eg må innrømme at før han kom inn i synsfeltet mitt som fersk daglegvaregrossist, visste eg ikkje kven Oskar Westerlin var. Så gamal har eg vorte. Det er likevel ikkje alderen min som gjer at eg ikkje har anna val enn å slakte Oskars trippel sjoko – det klarer innhaldslista å legge opp til heilt fint sjølv.

Palmeolje er ut

For gode Oskar, gode Bakehuset: Éin ting er at det heng ein og annan drope att i ein eller annan kjeksvariant på Europris, men vi lagar ikkje nye produkt med palmeolje lenger, gjer vi vel? Greitt nok at bollen inneheld tre ulike former for sjokolade (glasur og strøssel utanpå, bitar inni). Så lenge berre fire av dei 26 ingrediensane klassifiserer som ordentlege råvarer, og dei 22 andre altså må i boksen for ihelindustrialiserte billegutgåver, er det langt frå godkjent.

Og sist, men ikkje minst: Ein fjerdedel – ja, 25 prosent – av bollen er sukker. Kvar bolle, som veg hundre gram, inneheld 400 kaloriar. Skal vi verkeleg drive ekstremt aggressiv marknadsføring mot born og unge for slike produkt? Er ikkje det heilt opp mot grensa til kva som i det heile tatt er lovleg?

I retningslinjene til Matbransjens faglege utval er det ikkje tillate å marknadsføre mat til born under 13 år. Når det gjeld born og ungdom opp til 16 år, skal det synast aktsemd. Det gjer ein ikkje ved «bruk av rollemodeller med særlig appell til ungdom i markedsføring som, gjennom valg av markedsføringskanal, er direkte rettet til ungdom».

Westerlins TikTok-kanal har 486.500 følgarar og renn over av reklameinnslag for bollar. Eitt innslag som ikkje lenger ligg der, synte ifylgje TV 2 Nyheter Westerlin på veg til ein barneskule for å dele ut bollar. Ifylgje Westerlings management er innslaget fjerna fordi det i realiteten var ein ungdomsskule kaloribombebollane skulle delast ut på. Lovleg eller ikkje – knappast ein siger for folkehelsa.

Kjendisbrød og -pasta

Når tittelen på denne spalta er «Kjendismat», er det fordi Oskar Westerlin ikkje er aleine om å bruke det kjende andletet sitt til å selje matvarer – langt derifrå. Heldigvis er ikkje alle produkt så dårleg som Oskars trippel sjoko, men ein kan likevel spørje seg kvifor lege og ernæringsekspert Berit Nordstrands Mylk er ein av to (av totalt ni) havredrikkar som finn det naudsynt å bruke ein stabilisator for å få produktet til å fungere – samstundes som det er den soleklart dyraste havredrikken ein får kjøpt på Meny.

Jørgine Massa Vasstrands Funkygine Foods er vanskelegare å ta på innhald – hennar pasta og pastasausar er førebiletleg fulle av fullkorn og tomme for tilsetjingsstoff, stivelse og aromastoff. Det syner att på prisen: Hjå Meny kan du kjøpe 100 prosent fullkorn spagetti frå Barelli til 54,60 kroner per kilo – eller det same frå Funkygine Food til 69,90.

For ein gongs skuld er det enkelt å fine årsaka: Om du kjøper hekkeløpar Amalie Iuels grovbrød hjå Coop, Vegard Harm og Morten Hegseths Prosecco Rosé på Vinmonopolet, Arne Brimis Fjordlands-serie (med bacon med røykaroma og saus med syntetisk aroma i karbonadevarianten), Funkygines fullkornspagetti eller Oskar Westerlins sjokoladebolle, så går ein del av kronene dine til nokon som bidreg med særs lite til produktet du kjøper. Morten Hegseth kan forhåpentleg litt om prosecco, men neppe meir enn produsentane sjølve. Det han gjer, er å gjere produktet dyrare enn det hadde trunge å vere om han og makkeren hans ikkje skulle ha sine bitar av kaka.

Er det noko matbransjen ikkje treng no, er det unødvendige fordyrande element. Få kjendisane vekk frå butikkhyllene.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis