JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

I fyr og flamme

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2363
20230317
2363
20230317

Vårmånaden mars er godt i gang, men fyringssesongen held fram. Dei som ikkje fyrer med ved, kan fyra med noko anna. Folk driv eller har drive med flisfyring, gassfyring, kolfyring, oljefyring og torvfyring. Sentralfyring finst òg, men sprengfyring ved hjelp av fyrverkeri er lite tilrådeleg. I alle høve gjeld det å ikkje fyra for kråkene.

Fyr er ei lågtysk form som har trengt bort den nærskylde norrøne forma fúrr (‘eld’). I grunnen er fyr same ordet som tysk Feuer og engelsk fire, og det er i ætt med verbet funkla og fyrstelekken pyro- (frå gresk) i ord som pyroman og pyroteknikk. Ikkje alle tungemål fyrer like hardt. Engelsk fire får breia seg fælt, medan norsk fyr stundom må vika for eld, brann og andre ord (jf. play with fire ‘leika med elden’, fire station ‘brannstasjon’).

Når eit hus eller noko anna brenn retteleg godt, kan me seia at det står i full fyr. I avisoverskrifter er ordlaget «full fyr» stundom tvitydig: Dreiar det seg om eit flammehav eller ein drukken mann? Fyr i tydinga ‘mann’ (ofte nytta skjemtande eller nedsetjande) har ikkje noko med fyr (‘eld’) å gjera. Men fyren kan vera fyrig og i fyr og flamme, og han kan koma med ytringar som set fyr på kommentarfelta. Ofte skal det ikkje so mykje til før det tek fyr.

Spørsmålet «har du fyr?» var vanlegare før, men elles har fyr-orda kome seg velberga gjennom mangt eit tidarvende og lempa seg etter dei nye tilhøva. Når me startar ei maskin i dag, kan me seia at me fyrer henne opp, endå me berre trykkjer på ein knapp. Folk som aldri har rørt eit skytevåpen, kan fyra laus og fyra av ei salve. Ord som fyrstål og fyrtøy har nok hatt glansdagane sine, men fyrstikk står støtt og vert nytta i samanlikningar og ord som ikkje har med eld å gjera: «Trea knakk som fyrstikker.» «Dei teiknar fyrstikkmenneske.»

Dei bundne formene av hankjønnsordet fyr ter seg helst når ordet er nytta i tydingane ‘fyringsanlegg’ og ‘eldstad, fyrrom’: «Fyren er i ustand.» «Dei gjekk i fyren.»

Kva med inkjekjønnsordet fyr («til fyret») og samansetjingar som fyrtårn, fyrlykt og fyrvaktar? Det er opphavleg same ordet som fyr (‘eld’). Komfyr, derimot, høyrer til ei anna ætt. Det har kome til oss gjennom nederlandsk (komfoor). Ordet heng i hop med fransk chauffer (‘verma opp’) og er skyldt sjåfør.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis