JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Gulrot

Rota heng framleis på greip, men det er det lite anna som gjer.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Med jord på: Gulrøter kjem frå jorda, men systemet dei vert tatt opp i, kan framstå som temmeleg unaturleg.

Foto: Kent Skibstad / NTB

4249
20220902
4249
20220902

Kven er det som ikkje likar gulrot? Den strengt tatt meir oransje enn gule rota fell i smak hjå dei aller fleste – anten ho no er kokt eller rå, raspa eller skoren i stavar, bakt i omnen, lagd i matboksen eller eten heil – gulrot er ein kjend, kjær og trygg kamerat i norske kjøleskap og magar.

Ja, vi har endåtil ganske så god sjølvforsyning på gulrot: I 2021 kom vi heilt opp på 94,5 prosent. Ifylgje Opplysningskontoret for frukt og grønt importerte vi berre 2223 tonn gulrot det året, medan vi produserte 38.220 tonn sjølve – 1500 tonn meir enn året før.

Klarer vi å slå til med endå større avling, endå høgare sjølvforsyningsgrad i år? I eit år med ei regjering med uttalte mål om både å auke sjølvforsyningsgrada og å satse på auka produksjon av frukt og grønt innanlands?

Nei, det ser diverre dårleg ut. Gulrota har vore i medievinden den siste veka, men ikkje med positivt forteikn: Der Klassekampen melder om produsentar i Nord-Noreg som ikkje får levere til daglegvarekjedene fordi samvirka meiner marknaden er metta, fortel NRK om gulrotprodusentar i Rogaland som vurderer å pløye ned avlinga si fordi straumkostnadene ved å ha gulrøtene på kjølelager er høgare enn prisen dei får for produktet.

Utan mottaksplikt

Heng du med? Heng det på greip? Har ikkje bøndene fått straumstøtteordning – eller burde ikkje bønder nordafor med billeg straum få sleppe til? Lat oss sjå litt nærare på norsk gulrotproduksjon.

I motsetnad til kjøt- og mjølkeprodusentane har ikkje grønsakprodusentane i Noreg noko samvirke med mottaksplikt. Produsentane er avhengige av kjøpsavtalar med ein av to grossistar, som begge er eigde av ei daglegvarekjede, og desse avtalane kan vere både korte og usikre.

Men prisane – dei er vel regulerte? Ja, det er sett ein målpris for gulrot i jordbruksavtalen: Han endrar seg i løpet av året, men for veke 34 var målprisen 12,08 kroner per kilo. Ein målpris er «den prisen myndighetene mener jordbruket reelt skal kunne oppnå ut ifra balanserte markedsforhold og det fastsatte importvernet», ifylgje Grøntprodusentenes Samarbeidsråd. I same veke var oppnådd pris i marknaden – noteringsprisen – nokså lik: i snitt 12,11 kroner per kilo.

Det er desse prisane som ikkje er nok til å dekke venta straumkostnader for å ha gulrøter på kjølelager utover hausten. Gulrøter må kjølast ned til kring 0 grader rett etter haustinga og haldast der heilt til dei reiser ut til butikken. Sidan grøntprodusentar ikkje har noko fungerande samvirke med foredlingsledd, er det i større grad enn i resten av jordbruket bondens eige ansvar å foredle råvarene sine. Det kan gje høgare inntening, men òg høgare risiko.

Som no. Grøntprodusentar er framleis rekna som bønder, ikkje næringsdrivande, og får difor ikkje straumstøtte for meir enn 20.000 kWh i månaden – ein brøkdel av det stordriftsbønder på Jæren brukar for å halde gulrøter kalde.

Målpris

Det er så mange prinsipielle spørsmål ein får lyst til å stille seg, som kvifor grønsaksprodusentar må vere så enormt store for å overleve i Noreg i dag, men no handlar det om å berge gulrota som står i jorda og straks er klar til å kome opp og inn i matpakken din. Då må vi vere konkrete: Bransjen kan byrje med å nytte eit anna verkemiddel som jordbruksavtalen gjev dei. For i tillegg til ein målpris gjev han ei øvre prisgrense 20 prosent over målprisen: I veke 34 hadde altså grossistar høve til å betale 14,50 kroner for eitt kilo gulrot. Det burde dei ha gjort.

Men då ville jo gulrota vorte endå dyrare ut i butikkane, der prisane alt har auka mykje? Ja, kanskje. Prisen i butikk var førre veke om lag tre gonger råvareprisen – kring 35 kroner per kilo. Kor stort utslag ein råvareprisauke på to kroner vil gjere, kjem an på korleis dette prispåslaget vert gjort: I dag er det i stor grad som i prosent av råvareprisen. Di dyrare gulrota vert, di meir tener altså grossist og daglegvarekjede.

Dette er ikkje rettferdig, verken for produsenten eller for forbrukar. Dersom bransjen meiner alvor med å vilje sikre rettferdige prisar for forbrukar og produsent, burde dei snarast gå over til eit prispåslag i faste kroner og øre.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Di dyrare gulrota vert, di meir tener grossist og daglegvarekjede.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis