Frå bridgeverda
Gode råd frå Culbertson
Ely Culbertson (ståande), John David Horsley, Anita Louise og Luana Walters i My Bridge Experiences (1933), der Culbertson underviser i metoden sin, ikkje utan humor.
Foto: IMdb
Då eg byrja med bridge, fanst det enno eldre folk som med sjølvsagd mine erklærte at dei spela Culbertson. Eg våga aldri å spørja kva det skulle tyde. Sidan vi før har omtala kona, er det på tide å vie nokre liner til den eigentlege Culbertson, ektemannen.
Ely Culbertson var son av ein amerikansk gruveingeniør og ei russisk kvinne. Han vart fødd i Romania i 1891, men voks opp i Russland. Etter den russiske revolusjonen slo han seg ned i Vest-Europa, der han studerte og tente pengar på kortspel. Eit anna talent var språk; han snakka russisk, engelsk, fransk, tysk, tsjekkisk og spansk flytande, kunne lesa fem andre språk, og var litt inne på latin og klassisk gresk. Det meste tileigna han seg på eiga hand.
I 1921 flytta han over Atlanterhavet, og gifte seg snart med si Josephine, som skulle bli ein essensiell bridge- og forretningspartnar. Ely Culbertson såg potensialet i den nyutvikla kontraktbridgen, og laga ikkje berre meldesystemet Culbertson, men marknadsførte systemet og spelet gjennom tallause trykksaker, medieinnslag, bridgeskular og glamorøse kampar. Til og med innanfor produksjon av spelkort av plast var han ein pioner.
Etter å ha trappa ned på eiga speling på gamledagane, engasjerte han seg sterkt i fredsarbeid. I 1943 gav han ut boka Total Peace og i 1947 Must We Fight Russia? Interessante titlar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.