Frå bridgeverda

Ike

Dwight D. Eisenhower tok bridgen med seg inn i Det kvite huset, og ikkje minst inn i Veslekvithuset i Denver i Colorado som presidenten flytte til om sumarane. Med seg på hytta tok han òg makker Alfred M. Gruenther, Supreme Allied Commander i Europa som presidenten flytte til om sumarane.
Publisert Sist oppdatert

Eg tviler på om Donald Trump er god i bridge, sjølv om etternamnet er eit vesentleg bridgeomgrep. Eigentleg skulle han ha heitt Drumpf, eit namn frå Kallstadt i Tyskland, men Donald Drumpfs bestefar endra namnet til Trump då han utvandra til Amerika.

Ein president med litt betre kontroll over eige kjensleliv, som dertil var ein dugande bridgespelar, var Dwight David «Ike» Eisenhower, som sat i stolen frå 1953 til 1961. Han var militærmann, og lærte bridge ved krigsskulen West Point. Han klatra snøgt i gradane, men heldt på hobbyen. Då han var stasjonert på Filippinane, spela han ofte med presidenten der, Manuel Quezon.

Som hovudmann bak Operasjon Overlord var Eisenhower under formidabelt press i vekene fram mot D-dagen. Han skal ha drukke over tjue koppar kaffi per dag og røykt seks pakkar sigarettar, han fekk sjeldan over to timar samanhengande svevn – og han pressa så mykje bridge som mogleg inn i dei hektiske dagane. «The Bridge Player in Chief» vart han kalla av sine underordna.

Eisenhowers favorittmakker var den høgtståande offiseren Alfred Gruenther. Ein diskusjon dei imellom om eit særleg interessant bridgekasus skal ha skjedd i brevs form gjennom ein periode på to år. Eisenhower sat ved bridgebordet i ein klubb på Manhattan då han i 1948 fekk telefon frå Harry S. Truman, som bad han flytte til Paris for å bli det fyrste overhovudet for «Allied Command Operations», ein av dei to overkommandoane i den militære strukturen i Nato. Då Eisenhower vende attende til bordet etter samtala, spurde motspelarane kven han ville ha med seg til Europa som nestkommanderande. Eisenhower svara at han nok burde ta med seg general Bedell Smith, men at han kom til å velja Gruenther fordi han var den beste bridgespelaren av desse to. Skulle ein få innpass i den inste krinsen kring Eisenhower, hjelpte det veldig å vera bridgespelar.

I presidentperioden hans var bridge med inviterte gjester fast takst på laurdagskveldane. «Klassisk og solid, med glimt av briljans», ytra Ely Culbertson om spelinga til presidenten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement