Frå bridgeverda
Holmgang
Ekteparet Josephine og Ely Culbertson som spela i lag i «The Bridge Battle of the Century».
Måleri av Nikol Schattenstein
I dag er bridgen så velorganisert at det som går føre seg utanfor dei nasjonale og internasjonale sambanda, for det meste er uhøgtideleg kosebridge. Ser ein eit lite hundreår attende, til det som må kallast gullalderen til bridgen, fanst eit større rom for ymse private initiativ, derimellom hanekampar drivne fram av store ego.
Det mest vidgjetne dømet er «The Bridge Battle of the Century», som fylgde av langvarig kjekling mellom Ely Culbertson og ekspertgrupperinga Bridge Headquarters. Det handla især om meldesystem.
Culbertson fronta sitt heimesnikra system, som vann tallause disiplar gjennom boka The Contract Bridge Blue Book. Den andre leiren, leia mellom andre av tryllekunstnaren Sidney Lenz og cricketentusiasten Milton Work, heldt fast på The Official System, som var av meir konservativ art. Culbertson klassifiserte systemet til rivalane som «80 prosent Culbertson, 12 prosent Lenz og Work og 8 prosent søppel».
Culbertson utfordra Lenz til kamp i New York City og vedda 5000 dollar på at hans side ville vinne. Lenz vedda 1000 dollar imot. Pengane skulle i alle høve gå til eit godt føremål.
Kampen vara frå desember 1931 og over nyttår. Fyrste del vart spela i leilegheita til Ely og Josephine Culbertson på Chatham hotell, andre del på det nyleg opna luksushotellet Waldorf Astoria. Den prominente offiseren Alfred Gruenther, seinare «Supreme Allied Commander in Europe» i Nato, var med som dommar.
Culbertson spela for det meste med kona som makker, men det var særleg då han fekk hjelp av advokaten Theodore Lightner at poenga rulla inn. Lenz spela i makkerskap med det unge stortalentet Oswald Jacoby.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.