Frå bridgeverda

Til minne om ein maharaja

Yeshwant Rao Holkar II måla av Bernard Boutet de Monvel i 1929.
Publisert Sist oppdatert

Som vi neppe har greidd å kamuflere i denne spalta, har bridgen i alle år vore dominert av Europa og USA, i ein slik grad at verdsmeisterskapane – heilt sidan kontraktbridgen sin spede barndom – hovudsakleg har vore ein kamp mellom amerikanarane og nokre fåe europeiske nasjonar. Men mange gamle verdsordningar ser ut til å stå for fall i vår tid, og innan bridgen tek nye nasjonar til å hevde seg.

Ein av dei er India. Mellom anna kom dei, i World Bridge Games i Buenos Aires i 2024, heilt til finalen i seniorklassen. Blant landa dei då hadde trygt bak seg på resultatlista, var England, den gamle kolonimakta som i si tid drog bridge og liknande dekadente overklassesyslar med seg inn i det indiske samfunnet. Den som skulle ha lyst til å lesa meir om livstrøytt robberbridge i ein eksklusiv britisk klubb – med dei fattige og grovt utnytta innfødde så å seia skrapande på vindaugo – kan lesa George Orwells brutale roman Burmese Days (på norsk: Dager i Burma), der handlinga er lagd til det som då var ei bakevje i det enorme riket Britisk India.

No løner velhavande indiske bridgespelarar vestlege ekspertar for å spela på deira lag og dra dei oppover på resultatlistene i internasjonale tevlingar, og dei same ekspertane blir inviterte til India for å spela i dei store tevlingane der, som i mange tilfelle har formidable premiebudsjett. Den norske verdsmeisteren Boye Brogeland frå Flekkefjord og det unge stortalentet Nicolai Heiberg-Evenstad frå Senja var nyleg i Indore i India og gjekk sigrande ut av lagtevlinga om det såkalla Holkar-trofeet.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel