Frå bridgeverda
«Fasten your seatbelts»
Jørn Arild Ringseth (t.v.) saman med mindre, norske bridgespelarar på avslutningsbanketten under Tankesport-OL i Beijing i 2008.
Foto: Privat
Det har vore OL. Eit minne renn meg i hug frå den fyrste og hittil einaste vitjinga mi i ein såkalla OL-landsby, som strengt teke var meir som ein metropol i seg sjølv, nemleg områda kring dei ikoniske idrettsanlegga «Fuglereiret» og «Vasskuben» i Beijing, byen der sumar-OL vart arrangert i 2008.
Kort tid etter OL og Paralympics fekk nerdane lov til å nyte fasilitetane i denne velhaldne og noko sterile betongjungelen, då «World Mind Sport Games» skulle spelast. Forutan bridge vart det konkurrert i sjakk, dam, go og xiangqi, altså kinesisk sjakk – ikkje å forveksle med det populære stovespelet kinasjakk.
Overskrifta vil nok gå inn i soga som det mest kjende sitatet frå Jørn Arild Ringseth, fødd i Kvam i Nord-Trøndelag. Han sa det i Beijing før han sette seg ned til den siste runden i VM-finalen i klassen U28. Dei unge nordmennene låg under 92–43 etter tre av fire sett, og dei solide polske motstandarane trong eigentleg berre å «halde i korta», altså ikkje gjera altfor mykje dumt, for å ta heim gullet.
Noko forenkla kan ein seia at det finst to slags gode bridgespelarar: Det er dei intellektuelle som heile tida må tenkje djupt og lenge for å gjera det rette, og så er det dei som berre har det, som Ringseth. Som mange bridgespelarar ber han eit kallenamn, hans er blant dei meir forståelege: «King Kong».
Eg veit ikkje om det var den ruvande framtoninga hans eller vitsen om setebelta eller tempoet eller teften hans som gjorde utslaget, men polakkane kollapsa. King Kong visste at han måtte ta nokre sjansar. Vågestykka vart vellykka, polakkane miste hovudet og byrja rote. Då røyken hadde lagt seg, stod det 119–116 til dei norske gutane, som kunne kalle seg verdsmeistrar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.