JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Fullkornkjeks

Kjeksmengda gjev seg ikkje på tørre møkka, men kjeks er framleis ganske tørt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Desse kjeksa ser jo ganske så sunne ut, men fiberinnhaldet er ikkje lett å bestemme med auga.

Foto: Pxhere.com

4367
20221007
4367
20221007

Kjeks. Er ikkje det litt keisam mat? Eg meiner, lat oss seie det som det er: Tørre kjeks er tørre. Dei smular, og ein vert tyrst av dei. Berre tenk deg om – kjenner du nokon som har kjeks som favorittmat – eller som favorittmellommåltid, snacks eller godteri?

Ja, for kjeks kan jo kome i alle dei kategoriane der og sikkert endå fleire. Det finst så mange ulike typar kjeks der ute at ganske mange rett og slett er nøydde til å like det ganske så godt. Berre i produktkategorien «Bakevarer og kjeks» hos Meny er det 487 treff på kjeks.

Dette inkluderer altså alt frå bokstavkjeks og gullkjeks til born via ostekjeks med parmesan og kjeks som eigentleg berre er fordekt sjokolade, til ein kategori som i det i minste i namnet er temmeleg ny: fullkornkjeks.

For no held det nemleg ikkje lenger å seie at noko er havrekjeks. Nei, vi forventar nærast at ein kjeks skal innehalde havre eller noko anna som er godt for oss – som tranebær eller ingefær eller surdeigsgjær, eller altså fullkorn.

Årsaka til at vi vil at matvarer skal innehalde fullkorn, er temmeleg enkel: Vi vil ha høgt innhald av fiber. Fiber sit på utsida av kornet, og grovt mjøl og havregryn og slikt inneheld meir fiber enn finmale kveitemjøl. Og mykje fiber er bra for fordøying og forbrenning, for kolesterol og stabile blodsukkernivå. Ja, å ete jamt godt med fiber kan endåtil vere med på å motverke tarmkreft, er det mange kjelder som hevdar.

Meir fiber

Kor fiberrike er dei no eigentleg, fullkornkjeksa? To av produsentane som har kasta seg på fullkornbølga, er Kavli, med ein Korni-variant med rug og 70 prosent fullkorn, og Sætres Digestive kjeks i ein variant med 49 prosent fullkorn. Desse to ligg på høvesvis 5,2 og 5,8 gram fiber per 100 gram. Ja, kjeksa med høgast fullkornsdel har òg lågast fiberinnhald, og dette er om lag det same fiberinnhaldet vi finn i halvgrovt kneippbrød. Heilt greitt, med andre ord, men heller ikkje meir – kjeks er framleis ikkje noko helseprodukt.

Men Sætre har meir å kome med. Deira originale Kornmo-kjeks – den firkanta varianten som dei fleste av oss legg godt med smør og brunost på, er med sine 42 prosent fullkornskveitemjøl øvst på innhaldslista alt temmeleg fullkorna, men pussig nok ikkje merkt med «fullkorn». Derimot har dei laga «fullkornscookies» med sjokolade, og her snakkar vi verkeleg fiberinnhald: 15 gram kostfiber per 100 gram kjeks er høgare enn fiberinnhaldet i lettkokte havregryn (14 gram per 100), og altså nærare tre gonger så mykje som i dei to andre fullkornkjeksvariantane.

Likevel er kjeksa verken 100 prosent korn eller 100 prosent fullkorn – fullkorngraden er ikkje høgare enn 50 prosent. Løyndommen ligg litt lenger nede på innhaldslista og heiter inulin.

Hugs å drikke

Inulin er eit karbohydrat sett saman av fruktosemolekyl. Fruktose, betre kjent som fruktsukker, har ikkje fibereigenskapar i si vanlege form, men som inulin er molekyla så hardt bundne saman at ikkje eingong magesyra vår klarer å rive dei frå kvarandre att. Fyrst i endetarmen kan det byrje å skje noko, men inulin er klassifisert som ufordøyeleg fiber fordi det i stor grad kjem ut i same form som det kom inn.

Ufordøyeleg fiber har òg eit anna namn: prebiotika. I motsetnad til probiotika, som er bakteriar som likar seg i tarmen og fremjar god fordøying på den måten, er prebiotika næringsstoff som gjer at dei gode bakteriane likar seg i tarmen. Inulin, som finst i ei heil rekke planter, korn og belgfrukter, vert i stor grad framstilt frå sikorirot. Inntatt i riktige mengder kan det altså heilt sikkert bidra til god helse.

Men det er eit lite men. Har du prøvd å ete tørre havregryn nokon gong? Det kjennest ganske tørt, sant, alt i munnen, som om du må drikke mykje berre for å svelgje det ned? Det er fordi det er ganske tørt. Kornmo Fullkornscookies kjennest nok ikkje like tørre i munnen, mellom anna fordi dei også inneheld feitt og god sjokolade. Men når ein får i seg så konsentrerte fibermengder, er det minst like viktig å få i seg like store mengder væske – for fiber bind vatn i kroppen. Mellom anna slik kan det å ete for mykje fiber skape like mykje fordøyingstrøbbel som det å ete for lite fiber.

Med andre ord: Ikkje eingong sikorirotgreina på fibertreet veks inn i himmelen. Og spør du meg, er kjeks framleis mest tørt.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis