JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå sjakkverdaKunnskap

Bobby Fischers fedrar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gerhardt Fischer, Bobby Fischer og Paul Neményi.

2286
20221014
2286
20221014

Han sa sjølv at han ikkje hadde nokon far, at far hans (tyskaren Fischer) forlét han då han var to år gamal. Då eg skreiv her i avisa om det utrulege livet til mora, Regina Fischer, nemnde eg mysteriet med dei to fedrane. Den eigenlege sanninga vart fyrst kjend i 2002, då to journalistar kravde å få sjå FBI-mappa til Regina Fischer. Der dukka det opp eit nytt namn: Paul Nemenyi.

Dei to mennene har mykje felles. Båe budde i Berlin i 1933. Hans-Gerhardt Fischer vart fødd med det jødiske namnet Liebscher, som han endra til eit meir tyskklingande namn. Namnet Nemenyi er ein ungarsk variant av det tysk-jødiske Neumann. Båe var vitskapsmenn og politisk aktive. Hitler betydde slutten for livet i Tyskland.

Nemenyi var fysikar og matematikar ved det tekniske universitetet i Berlin. I 1938 fekk han lovord frå Albert Einstein på Princeton, noko som opna dører til forsking og undervisning i USA. Nemenyi var ein aktivist for dyrevelferd med fleire fanatiske karaktertrekk, som nok førte til at han stadig skifta arbeid.

Hans-Gerhardt Fischer (25) og Regina (20) drog frå Berlin til Moskva i 1933, der dei gifte seg same året. Fischer var biofysikar og byrja arbeida på Moskvas institutt for hjerneforsking. Dei fekk dottera Joan i 1937. Fischer drog på denne tida til Spania for å kjempa mot fascistane i borgarkrigen. Regina og dottera kom seg etter kvart attende til moderlandet USA, medan Fischer i 1940 hamna i Chile. Fischer fekk aldri kryssa grensa til USA, sidan han var kommunist og mistenkt av FBI for å vera ein sovjetisk spion som leita etter nazistar i Sør-Amerika.

Regina Wender Fischer og Paul Nemenyi (47) møttest på Universitetet i Denver i 1942. Båe hadde kommunistsympatiar. Bobby Fischer vart fødd 9. mars 1943. Regina dikta opp ei historie om ei vitjing til Mexico i 1942 og at Fischer difor kunne vera faren. Ho skilde seg formelt frå Fischer, som aldri tok ansvar for dei to borna.

I fleire år sende Nemenyi 20 dollar i veka til Regina som eit uoffisielt barnebidrag for Bobby. Han døydde av hjarteattakk, 56 år gamal, i 1952.

Geniale Bobby Fischer, som vart sjakkverdsmeister i 1972, hata heile livet jødar, kommunistar og kvinner. «Born som saknar ein forelder, vert ulvar», sa han.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis