JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Gris

Erfaring syner at vi har råd til fleire svin på skogen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jonas Gahr Støre i 2017: Ein eller annan stad i klesskåpet har statsministeren prov på at han er glad i gris. Er det på tide å finne fram att godskjorta?

Foto: Vidar Ruud / NTB

4526
20220225
4526
20220225

Den 10. februar var nok ein heilt vanleg dag på Stortinget. Mellom anna vart fylgjande forslag vedteke med 52 mot 48 røyster:  

«Stortinget ber regjeringen se på insentiver som vil øke dyrevelferden i svinenæringen, særlig med hensyn til areal, underlag og miljøberikelse, og stille strengere krav til dyrevelferd ved oppgraderinger av driftsbygninger eller nybygg.»

Representantar frå sju parti røysta for vedtaket, og representantar frå tre parti røysta mot: to frå KrF og 46 frå regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Vedtaket vart gjort på bakgrunn av eit representantforslag frå fire venstrepolitikarar som ville styrke dyrevelferda. Noko av det fyrste Sp-politikar, og ordførar for saka, Jenny Klinge sa frå talarstolen, var at «for oss i Senterpartiet og Arbeidarpartiet er det viktig å streke under at vi ikkje røystar ned forslag frå Venstre fordi vi er mot å betre dyrevelferda, men fordi vi meiner det er grunn til å sjå meir nøye på problematikken. Vi ønskjer eit fagleg blikk som grunnlag for vedtak».

Og det kan ein jo vere samd i. Vi kan sjå nøyare på eit prosjekt som forslagsstillarane syner til i representantforslaget: I samarbeid med Innovasjon Noreg legg grisebonde Vidar Julien om svinehaldet sitt frå konvensjonell innegris – til konvensjonelt grisehald med utegang.

Gamalt nei til utegris

Kan grisar vere ute i Noreg? Det industrielle svaret på dette spørsmålet har lenge vore eit soleklart nei: Ein kan drive med gris på utegang i liten nisjeskala, men det er verken økonomi eller dyrevelferd i å basere seg på dette i stor skala. Det vert for dyrt, og eit kaldt og vått klima gjer det utriveleg også for grisane sjølve.

Men stemmer dette? Ikkje etter Vidar Juliens erfaring: I 2008 vurderte han ny naudsynt driftsbygning til over åtte millionar kroner. Men Julien kom til at marginane var for dårlegare. Saman med Innovasjon Noreg ville han i staden prøve å sende grisane ut på innegjerda mark, i opne hytter isolerte med halm og strø, året rundt.

Det fyrste han oppdaga, var at investeringskostnaden til oppstalling gjekk ned med om lag 80 prosent. Kanskje ikkje så rart at opne hytter er billegare enn fullisolert hus, men kva med driftskostnadene undervegs? Prosjektet hadde rekna med 30 prosent auka fôrkostnader på grunn av meir aktivitet og mindre effektivt fôropptak hjå dyra, men enda med berre 1 prosent høgare fôrkostnader enn gjennomsnittet. Helsestatusen var plettfri: dødstal godt under snittet og generelt god trivsel.

Mogleg med meirpris?

Verken Julien eller Innovasjon Noreg vil likevel sette to strek under svaret for alle grisebønder i Noreg. Éin gard er ikkje faktagrunnlag nok til å sleppe alle norske grisar ut – særleg ikkje ein gard som ligg i den tørraste og mest temperaturstabile delen av Noreg. Andre delar av landet vil truleg slite meir med gjørme og slaps enn innlandsbonden Julien. Men det provar at ein kan drive med frilandsgris i Noreg.

I 2020 gjorde Nibio ei samanlikning av investeringstrong og dekningsbidrag mellom utegris og innedrift, på oppdrag frå Dyrevernalliansen. Dei kom fram til ein investeringskostnad for full konsesjon til innedrift på 14,8 millionar kroner – mot 1,5 millionar kroner ved utedrift. Men dekningsbidraget heldt ikkje heilt fylgje: Der ein ved innedrift kan rekne 23.354 kroner per årspurke, kan utedrifta ende på berre 6701 kroner per purke.

Årsaka er at ein har rekna færre grisungar per purke i utedrifta – og same pris per kilo kjøt. Det siste vert grunngjeve med at produksjonen er konvensjonell, altså ikkje økologisk, og ein kan difor ikkje ta ut meirverdi i marknaden.

Men er no dette heilt sikkert? I representantforslaget frå Venstre lærer eg at sju av ti nordmenn som vart spurde i ei undersøking frå Sifo, ynskjer eit sterkare vern for grisar. Seks av ti gav opp at dei er uroa for dyrevelferda når dei handlar. Skal tru om ikkje nokre av dei ville vore viljuge til å betale litt meir for gris som har hatt det godt utandørs?

Det ingen av prosjekta tek føre seg, er kva arealforbruk som vil vere naudsynt dersom brorparten av norsk svinekjøtforbruk skal basere seg på utandørs lausdrift. Vert det mogleg å ta i bruk areal som elles ikkje kan nyttast – og såleis auke det produktive jordbruksarealet, eller lyt vi basere oss på fulldyrka jord, som såleis vil kunne gå ned i produksjon? Dette er spørsmål regjerings- og stortingspolitikarar, svinebønder og svinefagpersonar bør stille seg i tida framover.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein kan drive med frilandsgris i Noreg.

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis