JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Førande på feltet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2369
20230512
2369
20230512

Den som skal gjeva ei stutt innføring i føra, må kunna skilja mellom bokstavleg og overført tyding. For me kan vel føra nokon bak ljoset, ha høg sigarføring og føra argument i marka utan å vera i nærleiken av handfaste ljos, sigarar og marker? Ja, me berre seier det slik, utan provføring. Å krangla om dette fører ingen stad.

Arveordet føra heng i hop med fara og har grunntydinga ‘få til å fara’. Nærskylde ord er adjektivet før (‘framkjømd, farande; skikka, i stand til; sterk, sprek’) og inkjekjønnsordet føre (‘høve til å koma fram; tilstand på eit vegdekke eller på jordyta; huglag; reiskap’). Det er ei overdriving å seia at desse orda tilfører føra ein ny dimensjon, men dei er i alle fall hardføre. Hankjønnsordet førar hamna i eit uføre på grunn av der Führer. Ord som førarhund, førarkort og bilførar oppfører seg fint og fører slett ikkje skam over ordfamilien.

Å ‘få til å fara’ kan vera so mangt, til dømes å styra, driva, skyssa og flytta: «Båten fører folk og gods.» «Eg fører varer ut av landet.» «Dei krigførande partane møttest i dag.» «Før oss ikkje ut i freisting.» Det er òg temmeleg gamalt å nytta føra om det å leia i ei viss retning: «Vegen fører til sjøen.» «Det fører ikkje til noko godt.» Nokre måtar å bruka føra på kan sporast attende til dansk og (låg)tysk, til dømes føra i tydinga ‘leva’(«for eit liv dei fører!») og ordet forføra (eig. ‘føra vill’).

Det å ordleggja seg er òg ei form for førsle, jamfør ord som målføre, målføring og målfør (‘i stand til, god til å tala’, jf. talefør). Me kan føra (fram) klager, føra ordet og føra samtalar med nokon.

Men me skal ikkje føra alt ut mellom folk: «Bakstersnakk og båtesnakk skal ingen mann føra» (Norsk Ordbog). Aasen tyder det ut slik: «Man skal ikke fortælle hvad Folk have sagt i Bagerhuset eller i Fiskerbåden, da de på sådanne Steder tale meget frit.»

Ofte kan me velja mellom eit laust samansett føra-verb og ei fast samansetjing: føra fram, føra inn, føra med seg eller framføra, innføra og medføra. Stundom skil dei seg frå kvarandre i tyding og stil. Somme meiner til dømes at det å føra nokon bort frå ein stad er noko anna enn å bortføra dei. No er det mykje føring som ikkje er nemnd her, til dømes marknadsføring og bokføring. Me får ta resten via tankeoverføring.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis