Kunnskap

Ferietid

Å kaste frå seg levande dyr som avfall er grovt uansvarleg.
Publisert Sist oppdatert

Skikkeleg sommar blir det ikkje før vi kan lese dei første reportasjane om levande kattungar som blir funne forlatne i vegkanten, pakka ned i pappesker eller plastposar, eller i søppeldunkar.

Erfaring har vist at det ikkje er grunn til å bli overraska over kva nivå av kynisme nokre menneske har i omgangen med dyr, men å dumpe kjæledyra sine for å kunne nyte ein velfortent sommarferie saman med familien, er truleg i ytterkanten av det moralske spekteret for folk flest.

I fjor tok Dyrebeskyttelsen i Noreg imot 4700 heimlause dyr, dei fleste kattar. Kor mange dyr som blir forlatne eller kasta på dør, veit vi ikkje sikkert. Det er lett nok å kritisere slikt dyreplageri, men fenomenet vitnar også om meir grunnleggjande problem i forholdet mellom oss menneske og dei dyra vi lever saman med.  

Forbruksvare

Dei siste tiåra har vi, med moralfilosofi og dyreetiske prinsipp i botnen, endra lovgivinga slik at dyr i dag skal ha verdi i seg sjølv, og ikkje berre i den grad dei er til nytte for menneska. Men dyr er framleis eigedom, og dei har ikkje status som sjølvstendige rettssubjekt.

Samstundes har moderne familiedyr blitt ein del av forbrukarsamfunnet, på godt og vondt. Å kjøpe og eige familiedyr er kostbart nok med stamtavler, spesialfôr, forsikring og dyrlegebesøk. Er ikkje det godt nok, kan du også kjøpe klede, adventskalender eller eit veterinærgodkjent liggeunderlag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement