Kunnskap
Krepsepest
Signalkrepsen (t.h.) har «glattare» og brunare skal og manglar dei typiske taggane (A) ved fura bak hovudskjoldet som edelkrepsen (t.v.) har. Signalkrepsen har ofte ein kvit flekk (B) på klørne.
Illustrasjon: Lena Nyman
I Noreg kjempar vi for å berge ein av dei siste levekraftige bestandane av europeisk edelkreps, men sjukdom spreidd med ulovleg importert signalkreps gjer framtida uviss. Ferskvasskreps har vore vanleg i elver og innsjøar over heile Europa, og ein populær festmat både for adelen og for folk flest. Men etter over hundre år med overfiske, forureining og invasjon av signalkreps og andre amerikanske krepseartar som er berarar av ein dødeleg, smittsam sjukdom, er den europeiske krepsen sterkt truga.
Europeisk og amerikansk kreps har utvikla seg på kvart sitt kontinent i mange millionar år og på denne tida tilpassa seg ulike parasittar og sjukdomar. Hos amerikansk kreps er det vanleg med ein overflatisk, men ufarleg infeksjon med eggsporesopp i skalet (Aphanomyces astaci). Men kjem denne parasittliknande organismen i kontakt med europeisk kreps, som den skandinaviske edelkrepsen (Astacus astacus), vil immunforsvaret deira ikkje greie å stogge sjukdomen frå å ete seg innover i skalet og vidare til muskulatur og nervevev. Blir smitte introdusert til eit norsk vassdrag, vil all krepsen kunne døy i løpet av kort tid. Sjukdomen har difor fått det kledelege namnet krepsepest.
Invasjon frå vest
Set ein ut amerikansk kreps i eit norsk vassdrag, vil dei naturlegvis konkurrere om mat og territorium i elva, men verst er den biologiske krigføringa med smittsame soppsporar. I Europa har vi fem ulike artar av ferskvasskreps, alle frå den same familien, og alle sårbare for pesten frå vest. Den første pesten kom truleg med import av levande dyr frå Amerika alt for 150 år sidan. Sjukdom kombinert med forureining og menneskelege inngrep i elver og vatn førte etter kvart til ein dramatisk nedgang i populasjonen av kreps over heile Europa.
Svenskar er glade i kreps, og som eit botemiddel for den reduserte fangsten bestemte dei seg på 1960-talet for å få fart på sakene ved, ironisk nok, å importere nordamerikansk signalkreps (Pacifastacus leniusulcus). Fangstane gjekk opp, men sjukdomen spreidde seg raskt og edelkrepsen forsvann totalt. I dag finst berre 3 prosent att av den opphavlege svenske krepsebestanden, og styresmaktene har sett seg som mål å halde Nord-Sverige mest mogleg isolert som eit smittefritt område.
Invasjon frå aust
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.